Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.
At næringsliv og kultur går hand i hand, finst det fleire døme på.
Begge delar bidreg til å gjera det attraktivt å bu ein stad, gjennom arbeidsplassar og tilbod på fritida.
Hardanger fartøyvernsenter er døme på ein stad der arbeid, utdanning og kultur smeltar saman. Denne veka vart dei heidra med utmerkinga Årets verksemd 2025 av Kvam næringsråd.

Midt i ei krevjande tid etter brannen i januar, var det eit kjærkome ljospunkt for dei tilsette.
Les meir om reaksjonane seinare i nyhendebrevet. I denne artikkelen deler òg Åsmund Kristiansen, direktør for Hardanger og Voss Museum, fleire gode nyhende etter brannen.
Likar du dette nyhendebrevet og ynskjer å bidra til at me kan utvida innhaldstilbodet? No kan du prøva Hardanger i 5 veker for 5 kroner. Teikn abonnement her, di støtte går direkte til å laga meir uavhengig journalistikk frå regionen.
Aukar fokuset på verdien av kulturmiljø
Regjeringa lanserte denne veka to nye nasjonale bevaringsstrategiar for kulturmiljø i bygd og by, og kulturmiljø i næring og industri.
Strategiane skal mellom anna bidra til å styrkja engasjementet for kulturmiljø over heile landet, melder Klima- og miljødepartementet i ei pressemelding.
– Dei historiske spora fortel om korleis samfunnet har utvikla seg, og kva som har forma bustader, industriar og næringar. Med dei nye bevaringsstrategiane legg me til rette for at desse verdiane både blir tekne vare på og brukte aktivt i vidareutviklinga av samfunnet, uttalar klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

Betre samordning
Det var i 2020 regjeringa la fram stortingsmeldinga for kulturmiljø der dei lanserte fem bevaringsstrategiar. Fire år seinare var strategien for kyrkjebygg av høg kulturhistorisk verdi klar, og i fjor tredde eigne bevaringsstrategiar for kulturmiljøet langs kysten og i landbruket i kraft.
Målet med strategiane er å få til betre samordning av verkemiddel og eit tett samarbeid mellom statlege og kommunale styresmakter, næringsliv, frivillige organisasjonar og lokalsamfunn.
«Gjennom analyser av kva som er utfordringane innanfor dei ulike temaa, vil strategiane kunne fungera som eit verktøy for å prioritera tiltak der behova er størst», står det å lesa i pressemeldinga.
– Fortel kven me var og kven me er
No har det altså kome eigne strategiar for å bevara kulturmiljø i bygd og by, samt i næring og industri.
Den nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by skal bidra til at kulturmiljøverdiar blir tekne vare på i møte med endring, byutvikling, fortetting og demografiske skifte.
– Gjennom strategien for bygder og byar ynskjer me å løfta ulike typar kulturmiljø som tidlegare har fått mindre merksemd. Dette gjeld mellom anna gjenreisingsbyane, som utgjer ein viktig del av vår felles historie og som bumiljø rike på kulturhistoriske kvalitetar, skriv departementet.

Ulvik og Voss er mellom stadane som kan få utbytte av den nye nasjonale bevaringsstrategien for kulturmiljø i bygd og by. Riksantikvaren ynskjer nemleg auka fokus på bevaring av stader som vart hardt råka av krigshandlingane og måtte byggast opp att etter 2. verdskrig.
Bevaringsstrategien for kulturmiljø i næring og industri skal på si side bidra til at sentrale delar av norsk nærings- og industrihistorie blir tekne vare på.
Andre saker frå nyhendebiletet:
** Simone Hooymans er mellom dei fire utvalde kunstnarane frå tidlegare Hordaland fylke som får stipend frå Bildende Kunstneres Hjelpefond i 2026. Hooymans kjem opprinneleg frå Nederland, men bur og arbeider i Ålvik. Ho jobbar med teikning og animasjonar, og har nyleg samarbeidd med Ensemble neoN og Benedicte Maurseth. Våren 2025 var ho aktuell med soloutstillinga Eternity in a Moment i Kabuso. Stipendet frå BKH er på 50.000 kroner og juryen melder om stor auke i søknadar samanlikna med i fjor.
** Julia Henrickson frå Fresvik i Ullensvang er ein av vinnarane av Drømmestipendet i 2026. Henrickson er utdanna designar frå fagskulen Esmod i Oslo og etablerte merket Byjuliaah i 2023. Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Kulturskolerådet. Stipendordninga skal bidra til at unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år får oppfylt draumane sine, og stipendet blir delt ut i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse. Det vert delt ut 50 stipend à 30.000 kroner, og i år var det 540 unge kunst- og kulturutøvarar som var nominerte av kommunane sine til Drømmestipendet.

** Hurtigruten lanserer eit nytt fjordcruise på Vestlandet frå april 2027. Konsernsjef Hedda Felin skildrar stor etterspurnad etter rundreiser på Vestlandet, spesielt frå utanlandske gjestar som ynskjer å vera litt lenger på kvar stad. Det nye fjordcruiset varar i åtte dagar, og kapasiteten på skipet er 500 passasjerar, noko som er betydeleg mindre enn eit vanleg cruiseskip. På rundturen skal cruisegjestene mellom anna innom Rosendal og Eidfjord. – Me seglar kun med mindre skip og handlar lokalt langs kysten. Me er opptekne av å nytta aktivitetstilbod der me legg til kai, slik at me bidreg til lokal verdiskaping, seier Felin til Bergens Tidende.
Lytt til Hardangerfolk
Kulturfrilansar Brit Aksnes vaks opp i Norheimsund på 1980- og 90-talet. Då ho var gjest i podkasten Hardangerfolk skildra ho ei uro over at ungdom i Hardanger har det kjedelegare no fordi dei ikkje har det same kulturtilbodet som då. Høyr episoden her:

Det skjer i Hardanger
Denne helga kan du få med deg PopQuiz på Iris Scene i Odda eller gå på quiz hjå Hardanger Bryggeri i Øystese.
Sjå heile oversikta over kva som skjer i februar her.
Manglar det noko? Send info til post@hardanger.no så oppdaterer me lista.
Heidra som Årets verksemd

Onsdag fekk dei tilsette ved Hardanger fartøyvernsenter eit lite ljospunkt i ei krevjande tid etter storbrannen i januar. Og direktøren deler fleire gode nyhende.
Meir om dei gode nyhenda etter kvart.
På Kvam Næringsråd sitt årsmøte denne veka vart nemleg fartøyvernsenteret heidra som Årets verksemd i Kvam 2025.
På møtet, lagt til Kulturnaustet som opna ved fartøyvernsenteret i fjor sommar, fekk avdelingsleiar Sjur Tarjei Fykse og direktør i Hardanger og Voss Museum, Åsmund Kristiansen, overrekt diplom og eit måleri av Randi Hjemlestad som synlege bevis på utmerkinga.
– Skapar gode arbeidsplassar
Dagleg leiar i Kvam Næringsråd, Hans Jørgen Andersen, sa mellom anna at Hardanger fartøyvernsenter i mange år har vore ein viktig del av Kvam.
– Fartøyvernsenteret bidreg til eit attraktivt Kvam og skapar gode arbeidsplassar basert på kulturarv og tradisjon, uttrykte han.
Sjur Tarjei Fykse sa fartøyvernsenteret er glade og stolte for utnemninga.
– Utan mange gode medspelarar både på senteret, i Hardanger og Voss Museum og med gode bidrag frå eksterne krefter, hadde ikkje utviklinga dei siste åra vore mogleg, sa han.
Åsmund Kristiansen seier utnemninga av Hardanger fartøyvernsenter som Årets verksemd i 2025 er ei stor ære.
– Det er ei anerkjenning av at me er ein del av gjengen. Me føler oss jo absolutt som ein viktig del av næringslivet i Kvam og er opptekne av at det skal vera eit godt næringsliv her. Me brukar mange lokale bedrifter og leverandørar i arbeidet vårt, så det at me har eit levande og variert næringsliv betyr mykje for fartøyvernsenteret, seier han til Hardanger.no.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
