Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
Fredag 13. februar var dei fire Hardanger-kommunane samla til Hardingtinget. Her møttest formannskap og representantar frå administrasjonen i kommunane Eidfjord, Ulvik, Kvam og Ullensvang. I tillegg var ordførarane frå Kvinnherad, Voss og Samnanger inviterte med til samlinga som blir arrangert av Hardangerrådet og i år var lagt til Langhuset i Odda.

Sjølv om Vegard Bjørnevik frå Kvinnherad måtte melda forfall, var det godt oppmøte med seks ordførarar samla. Dei var samde om at det er viktig å byggja ein sterk region i indre Vestland, sjølv om dei hadde litt ulike tankar om kor grensene for ein slik region skulle gå.
For Samnanger har i alle fall fokuset dreia frå vest mot aust dei siste åra, og no ynskjer ordførar Karl Kollbotn å bli ein del av Hardangerrådet på fast basis.
Les kvifor mot slutten av nyhendebrevet.

Likar du dette nyhendebrevet og ynskjer å bidra til at me kan utvida innhaldstilbodet? No kan du prøva Hardanger i 5 veker for 5 kroner. Teikn abonnement her, di støtte går direkte til å laga meir uavhengig journalistikk frå regionen.
Andre saker
** – Løysingane er ikkje ideelle, men dei er realistiske og nærliggjande. For fyrste gong er me nære ein god og rassikker veg med reduserte reisetider og ikkje minst tettare regionar med kortare veg mellom Samnanger, Kvam, Odda og Kvinnherad, uttalte Kvam-ordførar Torgeir Næss på det siste folkemøtet om armen frå E134. Ifylgje Hordaland Folkeblad hadde rundt 120 personar møtt opp for å få med seg presentasjonen av planane slik dei no ligg føre.
** Regjeringa sitt varsla forslag om å utvida moglegheitene til å selja alkoholhaldig drikk direkte frå produsentar blir tatt godt imot på Voss. Utvidinga omfattar sal av heimebrygg, noko styreleiar i Vestnorsk kultursenter, Vidar Skeie, lenge har vore pådrivar for. – I dag er det 30 gardar i Hardanger der dei lever av å produsera og selja sider. Eg trur me har eit stort potensial for å få til noko tilsvarande også når det gjeld heimebrygg frå gardar på Voss, seier han til Hordaland.
** Klima- og miljødepartementet føreslår å oppretta Ytre Hardangerfjorden marine verneområde i kommunane Kvinnherad, Stord og Tysnes, eit sjøareal på ca. 67,8 km2. Føremålet er å ta vare på eit spesielt og djupt kystområde med særeigne naturforhald. Området er mellom anna viktig for mykje av brislingbestanden i Hardangerfjorden og er eit regionalt viktig gytefelt og beiteområde for kysttorsk. I 2019 oppdaga Havforskingsinstituttet eit stort korallrev her som strekkjer seg fleire hundre meter i kvar retning, noko som gjer det til det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet, skriv departementet i ei pressemelding.
** Pota Madre-gründar Kaj Hereid Myklatun opnar i mars sin fyrste innandørs restaurant. Det skjer i lokala til Teaology på kjøpesenteret Xhibition i Bergen sentrum, og det er noverande drivar av Teaology, Dennis Ho, som har inngått avtale om å bli franchisetakar for Pota Madre. Til BT fortel Kaj Myklatun at å opna innandørs byr på fleire moglegheiter: – Større meny, oppvaskmaskin og stort lager. Det blir betre for oss og kundane, seier han.

** Ullensvang kommune er klar i talen i sitt innspel til fylket si årlege justering av rutetilbodet for buss, båt og ferje. Dei peikar på peikar mellom anna på «stadige trugslar mot avgjerande ferjesamband» som Utne – Kvanndal og Utne – Kinsarvik, og rettar kritikk mot busstilbodet internt i kommunen og til nærliggande regionsenter og Bergen. – Dette er ikkje eit kollektivtilbod Vestland fylke kan vedkjenna seg, gjengjev Hardanger Folkeblad. Kommunen problematiserer òg den manglande bagasjekapasiteten på dei nye elektriske bussane og meiner distrikta sine behov blir ofra for å tilfredsstilla bynære strøk der det er flest dagsreiser.
** Ulvik herad må lysa ut stillinga som einingsleiar for barne- og familieeininga Spira på nytt etter at den eine av to søkjarar trekte seg og den andre valde å takka nei til tilbodet om jobben. Kommunalsjef oppvekst i Ulvik herad, Åshild Søvik Underdal, seier til Hordaland at dei ikkje opplever at det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte og gode fagfolk og at mange som jobbar i oppvekstavdelinga bur i andre kommunar.
– Åleine er me makteslause

No vil Samnanger bli ein del av Hardangerrådet.
Ordførar Karl Kollbotn var tydeleg ovanfor alle dei frammøtte på Hardingtinget førre veke:
– Me trur det er meir å henta for Samnanger ved å venda oss austover.
Hardingtinget er eit årleg møteforum i regi av Hardangerrådet som samlar formannskapa og representantar frå administrasjon i Eidfjord, Ulvik, Kvam og Ullensvang. I år var samlinga lagt til Langhuset i Odda, og ordførarane frå Voss, Kvinnherad og Samnanger var inviterte med.
Karl Kollbotn uttrykte stor takksemd for å bli invitert og fortalde at han ville fremja sak om at Samnanger blir del av Hardangerrådet på det neste kommunestyremøte i mars.
Ordføraren trur nemleg det ligg eit unytta potensial i å venda blikket mot Hardanger, og ikkje vestover mot Bergen.
– Samnanger er ein kommune du køyrer fort gjennom, me har ikkje greidd å få folk til å stoppa her. Om lag 60 prosent av dei som bur her pendlar ut av kommunen, dei fleste mot Bergen, fortalde han då han fekk ordet framfor dei frammøtte på Hardingtinget.

Han skildra at Samnanger står ovanfor fleire av dei same utfordringane som kommunane i Hardanger med tanke på befolkningsvekst og oppretthalding av tenestetilbod, samstundes som det er fleire regionale tema dei deler interessa for. Her trekte han fram samferdsel og ny E134 som døme.
– Viss me får regionen til å hengja saman frå aust til vest har me gjort noko bra. Dei ulike kommunane sit på ulik kompetanse og efaring alle i Hardangerrådet kan dra nytte av, også når det gjeld å påverka inn mot regjering og storting. Åleine er me makteslause, men saman kan me få til gode resultat. Det blir over 50.000 menneske viss ein reknar Samnanger, Kvinnherad og Voss med i regionen, sa han.
Har god dialog allereie
Til Hardanger.no utdjupar Kollbotn kvifor han vil fremja sak for kommunestyret om at Samnanger blir med i Hardangerrådet.
Arrangement og samlingar
17. februar Naturvern i krisetid. Samtale mellom Synnøve Kvamme og Vigdis Nielsen, Ulvik folkebibliotek
19. februar Felles innspelsmøte til kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunedelplan for helse og omsorg i Kvam, Nye Kvam kino
24. februar Last Tuesday, Hardanger og Voss Næringshage, Gondolbygget på Voss
Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

