
– Eidfjord Resort er framleis ein stor feil
Utbyggingsplanane i Eidfjord blei tema i ein panelsamtale om klima og friluftsliv i endring under Rosendalsveko denne veka.

Utbyggingsplanane i Eidfjord blei tema i ein panelsamtale om klima og friluftsliv i endring under Rosendalsveko denne veka.

Rådsordførar i Hardangerrådet og ordførar i Ulvik, Jens Olav Holven, trur ikkje det finst ei kjapp løysing på utfordringane den ferske rapporten frå Telemarksforsking peikar på.

Ein ny rapport frå Telemarksforsking skildrar ein meir dramatisk nedgang i sysselsette i distrikta fram mot 2050 enn tidlegare prognosar. Av kommunane i Hardanger er Eidfjord mest utsett.

Fylkesberedskapssjefen kom med klar oppmoding til kommunane på Hardingtinget.

No vil Samnanger bli ein del av Hardangerrådet.

Totalt vart det seld 329 bustadar i Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord i fjor.

Ein fersk rapport frå forskingsinstituttet Ruralis peikar på det tradisjonelle klyngetunet som eit mogleg tiltak for å få fleire til å slå seg ned i distriktskommunar.

Både Statsforvaltaren og fylkeskommunen har fremja motsegn til planane om å etablera oppdrettsanlegg ved den nedlagde ferjekaien i Bruravik.

Miljødirektoratet fekk nær 300 innspel i høyringsrunden om eit generelt forbod mot nedbygging av myr i Noreg. Kvam og Eidfjord er mellom kommunane som har uttalt seg.

Kimaekspertane frå UiB trur det vil tvinga seg fram fleire endringar for folk og næringsdrivande i Hardanger fram mot år 2100.

Sjøen langs norskekysten har aldri vore varmare enn i 2025.

Klimaendringane går no så raskt at Hardanger står framfor eit heilt nytt landskap i løpet av få tiår.

– Kva rolle har Voss herad i Hardangerrådet? Skal det vera eit assosiert medlemskap eller partnarskap? Eller eit strategisk medlemskap på enkelte område? opna Tonje Såkvitne frå Voss herad med då ho var den fyrste som fekk ordet av dei seks ordførarane som var samla på Hardingtinget.
På førehand hadde dei førebudd svar på nokre spørsmål om korleis kommunane kan dra nytte av kvarandre og jobba tettare saman for å stå imot nokre av utfordringane regionen står ovanfor framover.
Såkvitne held fram med å gjera det klart at det ikkje er naturleg for Voss å avskjera nokon, verken nordover eller sørover.
– Det er naturleg med den posisjonen Voss herad har i geografien å sjå føre seg ein region med Hardanger, Voss og Indre Sogn. Det kjem kanskje litt bardust på her i dag, sa Såkvitne.
Ho samanlikna Voss med Ullensvang som òg er ein kommune som må sjå i fleire retningar.
– Ullensvang har eit tett samarbeid i Hardanger, men er samstundes ein del av Helse Fonna, illustrerte ho.

Ho meinte kommunane ikkje har råd til å la vera å samarbeida framover for å sikra at tenestene dei er pålagde å levera innbyggjarane skal vera gode nok.
Ho fekk støtte av dei andre ordførarane.
Ullensvang-ordførar Roald Aga Haug stadfesta at han gjerne såg lenger enn Hardanger med tanke på interkommunale samarbeid og trekte fram at kommunane i indre Vestland er ganske like både når det gjeld infrastruktur, næring og kraftressursar.
– Eg trur både Ryfylke, Hardanger, Voss og Sogn sit med det same problemet, at når det blir snakka om Vestlandet så er det i praksis kysten det handlar om. Me blir litt gløymde her inne, sa han.

Samstundes var Aga Haug oppteken av at ein ikkje må samarbeida berre for å samarbeida.
Ordførarane var samde om behovet for å byggja ein sterkare region i indre Vestland då dei møttest på Hardingtinget. Men kor grensene for ein slik region skal gå, kom det ikkje noko klart svar på.
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .