– Me må tilpassa oss eit heilt anna klima
Kimaekspertane frå UiB trur det vil tvinga seg fram fleire endringar for folk og næringsdrivande i Hardanger fram mot år 2100.

Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 06.01.2026 10:30

Nyleg besøkte professor Jostein Bakke og førsteamanuensis Pål Ringkjøb Nielsen frå Universitetet i Bergen podkasten Hardangersnakk for å snakka om korleis klimaendringar vil endra Hardanger i åra fram mot århundreskiftet.
Den viktigaste bodskapen deira er at det er for seint å kjempa mot effekten av klimaendringane på kort sikt, men at fokuset ute i lokalsamfunna heller må vera å tilpassa seg endringane som skjer.