Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
I denne utgåva kan du lesa om korleis Sider frå Hardanger gjorde det i konkurransen Norges Beste Drikke 2026 og om korleis Norsk Natursenter har førebudd seg til sesongopning i påsken. I tillegg får du som alltid eit overblikk frå nyhendebiletet siste veka.


Sider frå Hardanger hevda seg i Noregsmeisterskap
Fleire topp tre-plasseringar til lokale produsentar.
– For meg er dette fyrst og fremst ei stadfesting av at det me held på med i Hardanger, frå dyrking til pressing, gjæring og foredling, faktisk held høgt nasjonalt nivå, kommenterer leiar av Siderprodusentlaget i Hardanger og dagleg leiar i Hardanger saft og siderfabrikk, Eirik Lekve Eide, etter at fleire lokale produsentar kan smykka seg med NM-titlar.
Norges Beste Drikke samlar kvart år produsentar, fagmiljø og bransjeaktørar for å kåra det beste innan norsk øl, sider, mjød, akevitt, fruktvin, alkoholfritt og andre drikkekategoriar.
Med fersk NM-status skilta årets konkurranse med høgare fagleg standard, strengare krav og tydelegare kvalitetskriterium enn tidlegare.
Sider frå Hardanger var godt representert i konkurransen, noko som også viste att på resultatlistene.
På topp tre-listene i dei ulike kategoriane, finn ein både Hardangerbonden, Aga sideri, Alde Sider, Kvestad sideri, Ulvik Frukt & Cideri og Hardanger saft og siderfabrikk.

Elles i nyhendebiletet
Fjoråret blei eit svært krevjande år for Moelven-konsernet. Året var prega av svak etterspurnad som fylgje av låg aktivitet i byggebransjen, og høge kostnadar i ein uføreseieleg marknad. – 2025 har kanskje vore det mest utfordrande året i vår nyare historie. Men me har tatt grep for framtida, og har sett i gang fleire omfattande forbetringstiltak, uttalte konsernsjef Morten Kristiansen i ei pressemelding førre veke. Konsernet omsette til saman for 14,4 milliardar kroner i 2025 og leverte eit negativt driftsresultat på 1086 millionar kroner. Det er ein stor nedgang frå året før der omsetnaden låg på 12,9 milliardar kroner, med eit negativt driftsresultat på 199 millionar kroner. Moelven eig mellom anna Granvin Bruk.
Vestland fylkeskommune støttar at kommunar med særleg stor belastning frå reiselivet kan innføra ei overnattingsavgift. Dei vil òg ha camping inn i ordninga. Forslag om forskrift om overnattingsavgift til kommunane er ute på høyring frå Nærings- og fiskeridepartementet og vart handsama i fylkesutvalet 19. mars. Hardangerrådet har tidlegare stilt seg positive til å utgreia ei felles ordning for besøksbidrag i regionen. Høyringsfristen er 7. april.

NHO Reiseliv reagerer på korleis ordninga med turistskatt er føreslege lagt opp. I eit intervju med Dagens Næringsliv tek fagdirektør Ole Michael Bjørndal til orde for at turistskatten bør vera eit fast kronebeløp og ikkje ein prosentsats av overnattingsprisen. Analyseselskapet Menon Economics har på oppdrag frå NHO Reiseliv skrive eit notat om utforminga av turistskatten. Konklusjonen er at ei flat avgift på 30 kroner per overnatting, slik det er føreslege innført på Svalbard, vil gje høgare inntekt til kommunane enn tre prosent av overnattingsprisen før moms som er forslaget som skal gjelda på fastlandet. Dei stiller også spørsmål om kvifor camping er skjerma frå avgifta.
Nationen har for fyrste gong brukt tal frå Landbruksdirektoratet til å laga ei liste over dei tjue økologiske mjølkebøndene i landet som får mest tilskot. Alle på lista held til anten i Trøndelag eller på Austlandet, noko Kari Marte Sjøvik i Økologisk Norge synest er leitt. – Det er trist å sjå at det knapt blir produsert økologisk mjølk på Vestlandet og i Nord-Noreg. Eg forstår at det er mest effektivt å henta frå store gardar som ligg sentralt plassert, men politisk kunne ein tatt grep for å gjera det meir attraktivt å driva økologisk også i utkantane, meiner ho. Den samla økologiske produksjonen i Noreg held seg relativt stabil på 4,5 prosent, men talet på økologiske gardsbruk går ned, viser statistikk for 2025.

– Nærmar seg med stormsteg

Jonas Kimerud ved Norsk Natursenter i Eidfjord gler seg til å opna dørene for publikum att.
Fredag denne veka blir fyrste opningsdag etter at senteret har vore stengt for ordinære besøk gjennom vinteren.
Det er same dag som det fyrste cruiseskipet for sesongen legg til kai i Eidfjord, og Kimerud har bokstavleg talt mykje på menyen til gjestane som vel å ta turen innom.
– I påsken har me spesielt fokus på restauranten med ein eigen påskemeny heile veka og påskebuffet fyrste og andre påskedag, seier han.
Det vart nemleg reaksjonar i fjor då buffeten uteblei i påsken.
– Me har pleidd å ha ein påskemeny, men i fjor hadde me ikkje buffet i det heile og det var det fleire som etterspurde. Så i år er han tilbake, større og betre enn nokon gong, reklamerer Kimerud.
No håpar han både fastbuande og hyttefolk vil leggja turen innom i påskeveka.

Fleire nytilsette
Natursenteret har opent for grupper heile året, og berre dei siste dagane har det vore skuleklassar innom frå Frankrike, England og Tyskland.
Vintermånadane er likevel rolegare enn elles i året, og Kimerud fortel at dei har blitt nytta til å gjera fleire oppgraderingar som vil koma publikum til gode.
– Me har heilt nytt toalettanlegg og har installert varmepumper som sikrar god temperatur i heile bygget, seier han.
Sjølv har han brukt mykje tid på rekruttering.
– Utan å overdriva kan eg sei at me har hatt hundrevis av søkjarar til stillingane me har hatt ute, så det har vore ein stor jobb å gå gjennom alle. Me har hatt mellom 40 og 50 stykk inne på intervju, og eg er veldig nøgd med å ha kome i mål med alle tilsetjingane, seier han.
På det meste jobbar det 16-17 personar ved natursenteret, men på denne tida av året er dei om lag halvparten så mange.

Kimerud fortel at det var spesielt éin ting han la vekt på då dei skulle tilsetja nye sesongarbeidarar.

Arrangement og samlingar
25.-26. mars Vossadagane, Voss kulturhus
27. mars Fellesmøte Hardangerrådet og Rådmannsforum, Heradsstyresalen i Kvam

Dette les me også
** Meiner oppdrettarar må ha større ambisjonar for laksen si velferd. Dagens Næringsliv/HI
** Elkem sitt KI-samarbeid for prosessindustrien fekk Eydeprisen 2026. NTB
** Skal testa om ny fôrteknologi kan kutta sinkutslepp frå oppdrett. FHF
** Ny rapport føresler 18 tiltak for å hindra bit-for-bit-nedbygging av natur.

Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
