Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
– Eg trur kommunane er på god veg til å vera førebudde og har planar på kva som skal skje dersom ein vert råka av ulike scenario, men det må øvast, sa Svein Valland Laupsa frå Voss og Hardanger beredskapsforum då han snakka til Hardingtinget om det lokale beredskapsarbeidet.

Sjølv om me lever i ei tid med stor internasjonal uro, er det framleis ved hendingar som fylgjer av uvêr kommunane får testa kor godt førebudde dei er. Heldigvis, får ein vel seia.
Les kva fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand var oppteken av mot slutten av nyhendebrevet.
Hardangerindustrien jakta framtidige jobbsøkjarar i Bergen

Nær 700 studentar og jobbsøkarar var innom Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen nyleg. Ineos Tyssedal og Boliden Odda var mellom bedriftene som prøvde å vekkja interessa hjå potensielle arbeidstakarar.
– Det var god trafikk og godt besøk på standen vår, fortel Arnt Ove Meling som er HR-Opplæringspartner i Boliden Odda.
Han hadde med seg Rikke Skjerven frå kai- og logistikkavdelinga og Johan Johansson frå IT-avdelinga til karrieremessa som fann stad i Grieghallen i Bergen 11. februar.
– Me plar alltid tenkja det er greitt å ha ein miks av ulike utdanningsbakgrunnar for å visa at me representerer mange yrke og utdanningar i Boliden, seier han.

Sjølv om det er vanskeleg å måla den langsiktige effekten av slike jobb- og utdanningsmesser merka dei stor interesse frå dei besøkande på standen, spesielt for IT-biten.
– Han demonstrerte litt av det han jobbar med i Boliden som går på å laga algoritmar for ting som er vanskelege å måla eller avdekkja. Det skapte ein del merksemd, det var tydeleg at mange var interesserte i IT-feltet, fortel Meling.
– Framsnakkar kvarandre
På nabostanden til Boliden stod Ineos Tyssedal, og Meling fortel om eit godt forhold mellom dei to industribedriftene i Sørfjorden.
– Me opplever ikkje at det er noko stor «kiving» mellom oss, og det er naturleg at me framsnakkar kvarandre som bedrifter når me står ved sidan av kvarandre på stand, seier han.

Akkkurat no er Arnt Ove Meling midt i prosessen med å rekruttera nye lærlingar til Boliden.
– Me skal ha inn 23 lærlingar til hausten. Søknadsfristen gjekk ut 31. januar, så no er me i gang med å kalla inn til intervju, seier han.
Når det gjeld rekruttering generelt, seier Meling at Boliden stadig har behov for operatørar til ulike produksjonsstillingar. For andre stillingar har han inntrykk av at det alltid ordnar seg, sjølv om det nokre gonger kan ta litt tid å finna den rette personen.
Men å få på plass nok ferievikarar har vore litt utfordrande i år.
– Me treng godt og vel 100 ferievikarar, og der veit eg dei måtte utvida søknadsfristen for å få fleire søkjarar, seier han.
Andre saker
** Herde Kompositt som nyleg melde at dei gjenopnar verksemda på Årsnes i Kvinnherad, har signert kontrakt med selskapet Brim Explorer om bygging av skrog til det som vert skildra som to av dei mest effektive batteridrivne båtane i verda. Når skroga er ferdigbygde skal dei vidare til Horten Skipsreparasjoner for ferdigstilling, og båtbygginga vil sysselsejta om lag 50 personar totalt. Dei to båtane får plass til 180 gjestar og skal brukast til utsleppsfrie og stillegåande sightseeing- og opplevingsturar til sjøs ulike stader i Noreg. – Dette er ein milepæl både for oss i Brim Explorer og norsk maritim industri. Ikkje berre viser me at det er mogleg å kombinera nullutslepp, høg fart og lang rekkevidde. Me utviklar og byggjer båtane i Noreg, med norske leverandørar, seier dagleg leiar og gründer Agnes Árnadóttir i Brim Explorer i ei pressemelding.

** Eidfjord kommune stadfestar ovanfor Hardanger Folkeblad at dei jobbar med planar for eit datasenter i Simadal, ikkje hydrogenproduksjon som tidlegare var aktuelt. – Det har over tid, og gjennom dialog med fleire, vist seg at datasenter er mest nærliggande å kunna etablera som del av det å nytta seg av kraft i Simadal, uttalar rådmann Magnus Steigedal til avisa. Eviny AS er den nye aktøren i ein opsjonsavtale som vart handsama bak lukka dører i formannskapet måndag. Steigedal understrekar at ei eventuell næringsetablering i Simadal ligg langt fram i tid og at innbyggjarane vil bli involverte gjennom ordinære prosessar etter plan- og bygningslova når ein eventuell opsjonsavtale er ferdigforhandla.
** Ordførarane i Tysnes, Kvinnherad og Stord reagerer sterkt på regjeringa sitt vern av Ytre Hardangerfjorden som vart kunngjort tidlegare denne månaden. – Dette grip for sterkt inn i vårt høve til å forvalta eige areal og svekkjer det lokale sjølvstyret, uttalar ordførar i Kvinnherad, Vegard Bjørnevik. Kommunane peikar på at dei ikkje hadde fått noko signal om at eit slikt vern var nært føreståande før varselet om vedtaket kom dagen før det vart fatta i statsråd. No forventar dei tett dialog med staten for å få avklart konsekvensane av vedtaket og sikra føreseielege rammevilkår for næringsliv og lokalsamfunn i regionen.

** Statsforvaltaren har sagt nei til Voss herad sin søknad om å få status som typisk turiststad. I konklusjonen fastslår Statsforvaltaren at vilkåra i lovverket for å kunna få status som typisk turiststad ikkje er oppfylte, verken for heile eller delar av den aktuelle perioden. Det vart mellom anna lagt vekt på at det ikkje er tilstrekkeleg godtgjort at salet frå utsalsstadene hovudsakleg går til besøkjande turistar, noko som er eitt av krava for å få status som typisk turiststad. – Me må berre forhalda oss til det. Dette har meir å seia for næringslivet som eventuelt kan få meir ut av gjestane som er her, seier næringssjef i Voss herad, Kaia Finne, til Hordaland om avslaget.
** David Hergert Kingsbury har overtatt som ny administrerande direktør hjå Ineos Tyssedal etter Fernando Ramos som har gått over i ny jobb i selskapet Dusin AS. I eit intervju med Hardanger Folkeblad fortel amerikanske Kingsbury at han håpar å skapa eit konkurransedyktig og berekraftig anlegg i Tyssedal dei neste åra. Samstundes er han klar på at marknaden deira er utfordrande. – Me leverer til pigment- og malingsindustrien, som er sterkt knytt til byggjeaktivitet. Akkurat no er etterspurnaden lågare enn normalt. I tillegg møter me eit globalt press om å redusera CO₂-utslepp, noko som er viktig, men òg kostbart, seier han.
– Ikkje undervurder effekten av å bli betre kjende

Fylkesberedskapssjefen kom med klar oppmoding til kommunane på Hardingtinget.
Haavard Stensvand var invitert til Hardingtinget for å snakka om kommunane si rolle i ei tid med sterk internasjonal uro. Som fylkesberedskapssjef for statsforvaltaren i Vestland jobbar han med å samordna arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap for fylket.
Regjeringa har peika ut 2026 som «totalforsvarsåret», og i innleiinga si forklarte Stensvand kva som ligg i omgrepet.
– Totalforsvaret er dei totale ressursane kongeriket Noreg har. Fyrst og fremst for å avskrekka ein fiende frå å angripa oss. Men dersom det verste skulle skje, handlar det òg om at ein raskt kan kasta ut igjen fienden, sa han.
– Bli kjend med naboen
Totalforsvaret er altså eit samleuttrykk for det militære forsvaret og den sivile beredskapen i Noreg til ei kvar tid. Målet er å førebyggja, planleggja for og handtera alvorlege kriser og krig.
Hardanger.no har tidlegare skrive om korleis kommunar med eit sterkt og variert næringsliv kan ha eit fortrinn i krisesituasjonar. Føresetnaden er at både kommunen og næringslivet veit kva ressursar som er tilgjengelege og korleis ulike aktørar skal opptre dersom ei krise inntreffer, også på regionnivå.
– Ikkje undervurder effekten av å bli betre kjende med nabokommunane, sa fylkesberedskapssjefen og viste til at det blir gjort mykje godt arbeid allereie.
Det kunne Svein Valland Laupsa stadfesta. Han var invitert til Hardingtinget som representant for Voss og Hardanger beredskapsforum og skildra eit godt samarbeid på tvers av kommunegrensene i regionen.
– Eg trur kommunane er på god veg til å vera førebudde og har planar på kva som skal skje dersom ein vert råka av ulike scenario, men det må øvast, understreka han.
Nabohjelp og formelt interkommunalt samarbeid er viktige satsningsområder. Det samme gjelder samarbeid med lokalt næringsliv og frivillige organisasjoner både når det gjelder beredskapsplanlegging og krisehåndtering. (NOU 2023:17)
Klare forventningar
Arrangement og samlingar
24. februar Last Tuesday, Hardanger og Voss Næringshage, Gondolbygget på Voss
26. og 28. februar Motorsagkurs, Ulvik og Eidfjord Bondelag, Hjeltnes Produksjonsskule
Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

