Ville ha selskap i båten - starta nytt tilbod på Hardangerfjorden

– Eg gjer ikkje dette for å tena pengar, men for at hobbyen ikkje skal bli for kostbar, seier Lars Kristian Bu med eit smil. Han står bak eitt av dei nye tilboda turistar i Hardanger kan oppleva i sommar, nemleg dagcruise på Hardangerfjorden.

Lars Kristian Bu
Lars Kristian Bu var lei av å reisa åleine på båttur etter at ungane blei for store til å vera med like ofte som før. No har han starta med turar for turistar.