
Ni oppdrettssøknadar får avslag i Hardangerfjorden
Statsforvaltaren i Vestland seier nei til ni søknadar om ny eller auka oppdrettsproduksjon i Hardangerfjorden.

Statsforvaltaren i Vestland seier nei til ni søknadar om ny eller auka oppdrettsproduksjon i Hardangerfjorden.

Med prosjektet Aquaphoenix skal forskarar finna ut korleis oppsamling av slam frå opne oppdrettsmerdar påverkar miljøet i fjorden. I slammet ligg det òg eit potensial for vidare verdiskaping.

Fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss gjev håp til oppdrettsselskap som har fått vedtak om å redusera produksjonskapasiteten på grunn av påverknad frå lakselus.

Sjøen langs norskekysten har aldri vore varmare enn i 2025.


– Me har blitt tidleg klar over at Forsvaret vil kjøpa system, ikkje duppedittar.

Park Hotel Vossevangen stakk av med hovudprisen «Wine List of the Year 2026» under den globale finalen i London i går.

Med Fonna Næringshage knyter Ullensvang og Kvinnherad tettare band i arbeidet med å skapa ein attraktiv region å bu og arbeida i.

Pota Madre AS har tilsett dagleg leiar.

Cecilie Hellestveit har ein viktig bodskap til bedriftseigarar på Vestlandet.

Statsforvaltaren står fast på at det var riktig å setja ein stoppar for fleire oppdrettssøknadar i Hardangerfjorden, men møter motbør frå næringa.

Men dagleg leiar Marit Buttingsrud ser lyst på framtida til Hardanger Bygdeysteri.

Oppdrettsgigantane er utolmodige og håpar på eit eige «kraftløft» for utvikling av areal i sjø.
– Når me snakkar om havbruksnæringa blir me ofte verande i overflata og snakka om berekraft, vekst og ambisjonar, og dykkar ikkje langt nok ned i kva som hindrar den veksten og omstillinga som me ynskjer å få til, sa kommunikasjonsdirektør Ola Helge Hjetland i Mowi då diskusjon om arealforvaltninga i havbruk stod på programmet på .
Her var også Aina Valland frå Lerøy Seafood Group. Ho etterlyste politikarar som torar å prioritera og gje tydelege rammer for forvaltninga av havbruket.
– Førre veke kom kraftløftet som skal gje kjappare vegar for å utvikla kraftnettet i Noreg. Eg håpar me kan sjå til den måten å gjera det på også for areal i sjø, sa ho.

Lerøy Seafood Group omset sjømat tilsvarande 5 millionar måltid kvar dag, og har etter eige utsagn mål om å skapa verdas mest effektive og berekraftige verdikjede for sjømat. Valland meiner ordet berekraft ofte blir brukt feil.
– Det handlar både om miljø, økonomi og sosial berekraft, og det er i balansen mellom dei tre pilarane du finn dei gode løysingane, sa ho.
– Mykje i dag ramlar ned på miljø, men ein må òg tora å ta avgjerder sjølv om det får negativ miljømessig effekt, dersom dei positive sidene er sterkare. Eg saknar nokon som kan
Du må ha abonnement for å lesa resten av denne saka.
og .
Ingen kommentarar enno. Ver den fyrste til å dele tankane dine.