Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del nyhendebrevet vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
I morgon går startskotet for den 20. utgåva av Litteratursymposiet i Odda.
Dei neste dagane blir byen fylt opp av forfattarar, samfunnsdebattantar, musikarar og andre som skal bidra i dei over 50 postane som står på programmet.

Mellom temaa som vert løfta fram på årets festival, er beredskap og motstandskraft.
Sistnemnde er også overskrifta på ein debattserie som skal rulla og gå utover hausten, der fleire kjende samfunnsaktørar som på ulike måtar jobbar med tryggleiksspørsmål i det daglege deltek.
Mellom desse er Hedvig Moe som har bakgrunn frå Økokrim og PST, og no kjem heim til Odda for å leia to samtalar om kva trusselbilete Noreg står ovanfor og korleis kultursektoren kan bidra til å auka beredskapen.
– Me kjenner vel alle på at djup fred er avløyst av noko anna og kanskje meir skremmande, seier ho.
Fleire folkemøter
Men det er meir som skjer i Hardanger denne veka.
I dag, 1. oktober, inviterer Visit Hardangerfjord og Vestland fylkeskommune til ope folkemøte på Kraftmuseet i Tyssedal for alle som ynskjer å koma med innspel til den nye reiselivsstrategien som er under arbeid.
Seinare i oktober blir det også folkemøter på Lofthus (13.10.) og i Jondal (14.10.).

I kveld er det også folkemøte om skulestrukturplanen i Ullensvang. Dette er ei sak som engasjerer mange over heile kommunen, og truleg vil mange finna vegen til kinosalen i Odda for å få med seg orienteringa frå kommuneleiinga.
Siderfestival for amatørar
I Kvam er førebuingane til Siderfestivalen i Øystese i full gang. Denne helga skal fleire ferske siderprodusentar få sidrane sine vurderte av eit dommarpanel, før det til slutt vert kåra vinnarar i kategoriane «Tradisjonell sider» og «Open klasse».
Laurdag møter underteikna Stian Kristiansen, betre kjend som Siderentusiasten, til ein samtale på scenen om kva sider som passar best til ulik tradisjonskost frå Hardanger. Stikk gjerne innom viss du er i nærleiken!
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja oss på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no


