Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
Kampen om arbeidskrafta i Hardanger er knallhard. Sjølv om mange gode krefter jobbar saman om å trekkja fleire arbeidstakarar til regionen, er det lite som tyder på at det vert enklare med det aller fyrste.
I tillegg til mangel på fagfolk, trekkjer fleire arbeidsgjevarar fram at få tilgjengelege bustader gjer det vanskelegare å rekruttera dei som faktisk kan tenkja seg ein jobb i Hardanger.
Industribedriftene i regionen merkar òg konkurransen frå offshoreindustrien som lokkar mange nyutdanna til seg. Sjølv om fleire bedrifter tilbyr interne læreløp og moglegheiter for omskulering, er det ikkje nok til å møta behovet for fagfolk innan ein del av yrkesfaga. Industrimekanikarar viser seg å vera spesielt ettertrakta.

I skrivande stund er mange i gang med å lysa ut sommarvikariat og læreplassar for det komande året. Boliden treng åleine mellom 80-90 sommarvikarar i Odda, medan behovet er litt mindre, men like fullt viktig å fylla, hjå INEOS Tyssedal som har lyst ut 15 ferievikariat. HR-rådgjevar Vegard Lauritsen håpar å få fylt opp vikariata, men fortel at han har inntrykk av at unge ikkje er like lystne på å jobba om sommaren som tidlegare.
– Mitt inntrykk er at mange unge som veks opp i dag vil ha meir fri enn det som var vanleg før, seier han i intervjuet du kan lesa litt lenger ned i nyhendebrevet.
Nytt om næringsliv
** Konjunkturrapporten for industrien i Noreg som vart lagt fra førre veke, viste blanda forventningar for 2026. Sjølv om nokre sektorar, spesielt knytt opp mot forsvarsindustrien, forventar vekst legg internasjonal uro, handelsbarrierar og uro for konkurransesituasjonen ein dempar på framtidsutsiktene for dei fleste industribedrifter. – Det viktigaste me gjer framover er derfor å sikra industrien gode og konkurransedyktige rammevilkår her heime, uttalte administrerande direktør i Norsk Industri, Harald Solberg.
**Tal frå Nav viste at 1,9 prosent av arbeidsstyrken i Vestland var registrert som arbeidsledige i januar, noko som er under landsgjennomsnittet på 2,3 prosent. – Tala frå januar syner at arbeidsmarknaden i Vestland skil seg positivt ut samanlikna med landet elles, uttalte fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland i ei pressemelding førre veke. Ser ein nærare på tala for kommunane i Hardangerregionen er det Ulvik som prosentvis skil seg mest frå dei andre, med 4,1 prosent registrerte arbeidsledige i januar. Eidfjord ligg like over landsgjennomsnittet med 2,7 prosent ledige, medan Ullensvang, Kvam, Kvinnherad og Voss alle låg godt under snittet.
** AF Gruppen inngår etter alt å døma kontrakt med Statkraft Energi om rehabilitering av Bjølsegrøvatn dam i Kvam herad. Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding. Avtalen er verd om lag 400 millionar kroner og inneber å byggja ein ny betongdam som skal erstatta den eksisterande dammen ved reguleringsmagasinet i fjellet nord for Ålvik. Det skal òg byggjast ny veg og tunnel fram til dammen. Arbeidet er venta å starta i løpet av våren 2026 og skal etter planen bli ferdigstilt i 2029.
** Styreleiar Knut Førland i Rosendal Utvikling er skuffa over områdeplanen for Rosendal som nyleg vart lagt fram av planavdelinga og administrasjonen i Kvinnherad. – At sakshandsaminga så langt har tatt heile 6 år, er uakseptabelt. Ei så langdryg sakshandsaming skaper utfordringar for private investorar, eigedomsutviklarar og andre som vil satsa, skriv han i eit lesarinnlegg der han no oppmodar kommuneleiinga til å vera offensive og våga å tenkja utanfor boksen.
Likar du dette nyhendebrevet og ynskjer å bidra til at me kan utvida innhaldstilbodet? No kan du prøva Hardanger i 5 veker for 5 kroner. Teikn abonnement her, di støtte går direkte til å laga meir uavhengig journalistikk frå regionen.
Arrangement og samlingar
4. februar Lunsjmøte med Hardanger og Voss næringshage, Kvam Vgs
– Mekanikarar er nesten raudlista

Industribedrifter i Hardanger har lenge merka konkurransen om arbeidskrafta mot industrien offshore. Hjå INEOS Tyssedal har dei tatt fleire grep for å prøva og sikra seg arbeidskrafta dei treng.
Det er travle dagar for HR-rådgjevar Vegard Lauritsen. Ikkje berre skal årets sommarvikarar rekrutterast, men smelteverket har òg lyst ut ei traineestilling og ei fast stilling som prosjektingeniør.
– Kor enkelt er det for dykk å få tak i folk for tida?
– Det varierer veldig frå stilling til stilling. Me har slite litt med å få tak i ingeniørar, sjølv om det har betra seg litt i det siste. På operatørnivået går det stort sett greitt, med unntak av mekanikarar som det verkar som er nesten raudlista i Noreg.

– Kva er grunnen til at det har blitt ein sånn mangel på akkurat denne yrkesgruppa?
– Eg veit eigentleg ikkje. Det var ein periode for fleire år sidan at så og sei ingen gjekk på mekanisk, så då stoppa det litt opp. Det handla kanskje òg litt om korleis yrket vart selt inn den gongen. Og no blir dei som tek mekanikarutdanning gjerne trekte mot jobbar offshore, så det blir stor rift om dei som er igjen.
– Kva gjer de for å møta denne utfordringa?
– Me prøver å utdanna dei fagfolka me treng sjølve gjennom lærlingeordninga, men det varierer frå år til år kor mange me har tilgang på. Me har ein jobb å gjera med å selja inn vår type industri og synleggjera kva som er bra med å jobba her i Tyssedal kontra ein jobb offshore til dømes. Me er til stades på utdanningsmesser og skular i vårt område og prøver å formidla at dette er ein god stad å vera med gode moglegheiter for å utvikla seg vidare.
– Kva er den største skilnaden på ein jobb i offshoreindustrien og ein jobb hjå dykk?
– Her hjå oss er du del av eit tverrfagleg miljø, med alt frå operative fag til støttefunksjonar, og får vera med på fleire ulike arbeidsoppgåver i løpet av ein dag som du kanskje ikkje får sett offshore. Og så slepp du jo å reisa og vera borte frå familie og vener i periodar for å jobba.

– No søkjer de etter både sommarvikarar og lærlingar, i tillegg til at de har ledig ei fast stilling som prosjektingeniør, korleis har interessa for jobbane vore så langt?
– Me har merka over tid at det har blitt mindre og mindre interesse for sommarjobb blant unge. Dei siste ti åra har det vore ei utvikling med færre søkjarar til desse jobbane. Det har litt med at det har blitt færre unge, men mitt inntrykk er at mange unge som veks opp i dag vil ha meir fri enn det som var vanleg før. Me ser til dømes at dei som søkjer sommarjobb gjerne ynskjer å ha 2-3 veker fri sjølve. Det har gjort det vanskeleg med tanke på å få skift-kabalen vår til å gå opp, og var ein medverkande årsak til at me for ei tid tilbake valde å gå over til ei anna skiftordning. Når det gjeld lærlingar er me litt i konkurranse med Boliden som også rekrutterer frå Odda vidaregåande skule. Generelt ser me at arbeidskrafta flyt litt imellom oss, og me har diskutert om det er mogleg å dela på den mest etterspurde fagkompetansen. Men det er lettare sagt enn gjort, så førebels har det ikkje ført til noko i praksis.
– Ein trainee er ein litt annan type lærling eller praktikant som skal ut i arbeidslivet etter å ha fullført høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Kva utbytte har de fått av å ha traineear?
– Me har veldig god erfaring med dei som har kome til oss som traineear. No har me vore med nokre år gjennom traineeprogrammet til Framtidsfylket og har berre positive ting å seia om den ordninga. Dette er godt utdanna studentar som får ein mjuk inngang til arbeidslivet, samstundes som me får tak på arbeidskraft som kanskje elles ikkje ville ha søkt på ei stilling her inne i fjorden.
– Blir traineeane verande etter traineeåret?
– Ein av avdelingsleiarane våre kom hit som trainee for nokre år sidan og har blitt verande sidan då. I år har me ein trainee i økonomiavdelinga, men han skal etter planen ta vidare utdanning etter å ha fullført traineeåret. Så det varierer litt frå person til person dette også. No har me lyst ut traineestilling som mekanisk ingeniør og håpar å få inn nokon frå hausten av.
– Er det mykje utskifting i arbeidsstokken dykkar?
– Me er ein relativt stabil gjeng, kor mange har jobba her sidan me starta opp på 80-talet. Dei siste åra har det vore ein del utskifting, og me har nokre avdelingar no som har mange unge. Til saman er me rundt 200 tilsette, med ein snittalder på 44-45 år. Arbeidsmiljøet vårt er noko av det me er mest stolte av, og mitt inntrykk er at dei fleste synest dette er ein god plass å vera.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Framover testar me ulike format for nyhendebreva og vil gjerne høyra dine synspunkt på e-post: post@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

