– Kommunane må ikkje vera redde for å ha ein slik plan, dei må sjå på det som eit verktøy, seier ordførar i Eidfjord, Timo Knoch.
Planen han siktar til er kommunedelplanen for naturmangfald som vart vedteken av kommunestyret i Eidfjord for tre år sidan.
Så langt er det berre Eidfjord som har ein slik naturmangfaldsplan av kommunane i Hardanger.

– Dersom alle kommunar byggjer ut sine eigne store næringsareal vil me mista mykje viktig natur og få store klimagassutslepp. Eg vil oppmoda kommunane til å sjå på tvers av kommunegrenser, og planleggja næringsareal i eit regionalt perspektiv, sa direktør for Miljødirektoratet, Hilde Singsaas, då dei tidlegare i veka la fram ein rapport frå Norkart som viser at det er planlagt over 15 000 nye næringsareal i Noreg. Og øvst på lista tronar Vestland fylke.
Trykk på biletet over for å lesa heile saka.
Det er mykje som skjer i Hardanger for tida. Etter ein vellukka bluesfestival i Odda førre helg, står både dialektfestival i Strandebarm og fruktslepp i Ulvik for tur denne helga.
Fredag er leiar i siderprodusentlaget og ein av dei medverkande på fruktsleppet i Ulvik, Eirik Lekve Eide, gjest i Hardanger.no sin podkastserie, Hardangerfolk.

Fram til episoden er klar, kan du søkja opp dei tidlegare episodane der du vanlegvis høyrer podkast.
Har du ynske om nokon du har lyst å høyra i komande episodar? Tips meg gjerne!
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no


