Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.

– Det krev ein del tid for å grubla ut idear og konsept, og det er vanskeleg når ein anten er heime eller på jobb, seier forfattar og kunstnar Leander Djønne.
For tida bur han i barndomsheimen til Jon Fosse, eit tilbod han har fått gjennom Fosse-stiftinga.
Framover kan han henta inspirasjon frå omgjevnadane Nobelprisvinnaren vaks opp i og få tid til å jobba fokusert med nye prosjekt.
Les meir om kva han jobbar med no mot slutten av nyhendebrevet.
– Audmjuk og stolt

Benedicte Maurseth uttalar at ho er veldig audmjuk og stolt over å vera mellom dei nominerte til Spellemann 2025.
Førre veke vart det kjent at ho med albumet «Mirra» er nominert både i kategorien «Åpen klasse» og «Årets komponist» når det som blir omtala som Noregs fremste musikkpris skal delast ut i hovudstaden 22. mars. Ho har òg bidrege på Øyvind Skarbø sitt album «Telehiv» som er nominert i kategorien «Jazz». Prisutdelinga er i år tilbake på NRK etter å ha vore send i diverse andre kanalar dei siste åra.
I ei melding til Bergens Tidende skreiv Benedicte Maurseth at det er spesielt å bli nominert til Spellemann same år som det er 20 år sidan ho debuterte med albumet «Rosa i botnen».
Det heng med andre ord høgt å bli nominert. Det kjem òg ut særdeles (!) mange gode album i dette landet kvart år, og at «Mirra» blir trekt fram i denne samanhengen, synest eg er ærefullt. Dette albumet er «hjarta» mitt, om ein kan sei det, om Hardangervidda og villreinen der heime. At det treffer andre også, betyr veldig mykje.
Mange jarn i elden
Maurseth er for tida i Oslo for å framføra nettopp «Mirra» på Nasjonal Jazzscene torsdag kveld. Her har ho med seg dei faste musikarane Mats Eilertsen, Morten Qvenild og Håkon Mørch Stene som ho skildrar som eit drømmeensemble som har spelt ei svært viktig rolle med å laga albumet.
Musikarane har jobba saman lenge, og i november i fjor var dei på turné i Australia, der dei mellom anna hadde konsert i operahuset i Sydney.
– Eg synest jo det er heilt fantastisk at det er ein av plassane me skal spela på denne turneen. Det er jo eit ikon, ein plass eg berre har sett på bilete så lenge eg kan hugsa. Det er stor stas rett og slett, sa Benedicte Maurseth i forkant av turneen.
Februar har vore travel for musikaren og komponisten frå Eidjord. Månaden byrja med avslutningskonsert på Ilios-festivalen i Oslo og plateslepp med «Always and Never the same» og Ensemble neoN.
For tida jobbar Maurseth med eit nytt verk for Borealis-festivalen i samarbeid med Kode i Bergen der ho er «huskomponist» i 2026. Festivalen startar 11. mars og verket «Paragorgia» er eitt av fleire verk og framføringar ho skal gjera for Kode i 2026.

Andre saker:
** I Vestland fylkeskommune sitt budsjett for 2025 låg det inne ein auke i budsjettet til kultur, idrett og inkludering frå om lag 823 mill. kr i 2025 til over 930 mill. kr i 2026. 17. februar vedtok hovudutvalet det spesifiserte budsjettet for 2026. Dei største løyvingane går til Musea i Sogn og Fjordane (17,3 mill. kr), Hardanger og Voss museum (14,9 mill. kr) og Museumssenteret i Hordaland (13,2 mill. kr). KODE og Festspillene i Bergen får særlege løft, på høvesvis 1,2 mill. kr og 0,7 mill. kr målt mot fjoråret, kjem det fram i ei pressemelding.
** Svein Ivar Angell vart tildelt Målprisen for 2025 på Odda Mållag sitt årsmøte førre helg. I ei pressemelding frå mållaget kjem det fram at historieprofessoren fekk prisen for sitt banebrytande arbeid med å visa at nynorsk er eit fullverdig fagspråk på høgt akademisk nivå. Angell blir mellom anna framheva som eit viktig førebilete når det gjeld å bruka nynorsk skriftspråk i det offentlege ordskiftet.
** Denne veka sleppte Hardanger Musikkfest siste rest av programmet sitt. I år skal det feirast at det er 30 år sidan festivalen vart starta av fiolinisten Stig Nilsson, og på programmet står ei rekkje kjende norske og internasjonale utøvarar. Ragnhild Hemsing, Benedicte Maurseth, Gabriel Fliflet, Messiaen Quartet Copenhagen, Helsinki Chamber Choir og Kringkastingsorkesteret er mellom dei som skal lokka publikum til ulike scener i Ullensvang siste veka i august.

** Sparebankstiftinga Hardanger og Voss Sparebank gjev til saman 10 millionar kroner til rehabiliteringa av Gamlekinoen på Voss. For Sparebankstiftinga var det ei enkel sak å støtta opprustinga av det som skal bli ei ny storstove for kulturlivet både på Voss og nærliggjande kommunar. – Me ser jo heile tida på kor me får mest mogleg allmenn nytte av dei gåvene me gjer, og i dette tilfellet trur me at det vil få store ringverknadar for både lokalmiljøet på Voss og regionen. Då er det ei god gåve å gje, uttalar styreleiar Per Berge til Hordaland.
** Følgjande artistar har fått tilbod om å gå vidare til fylkesfestivalen etter årets utgåve av UKM for deltakarar frå Voss, Ulvik og Eidfjord: Boutolism (metal), Emilie Grønholt (pop), Jenny og kompani (metal), Synneva Almeland (pop), The Row (heavy metal), Sunniva Halling (pop), The Core (pop), Sverre Sollien Lillegraven (folkemusikk), Mina og Silja (pop), Olina (folkemusikk), Åsmund Nesbakken Røynstrand (folkemusikk), Håkon Skjoldli, Lisa Tvilde Hustavenes, Sherii Kopyl, Fredrik Lydvo (kortfilm), Nora Bjordal (kunst) og Tatiana (kunst).
Det skjer i Hardanger
I kveld kan du få med deg føredrag om Bergkunsten på Vestlandet på Hardanger fartøyvernsenter, eller krimkveld i Odda med forfattar Bjørn Bull Wingaard og Terje Kollbotn på Sentralbadet litteraturhus.
Sjå heile oversikta over det som skjer i Hardanger i februar her.
Manglar det noko? Send info til post@hardanger.no så oppdaterer me lista.
– Det er veldig heimekoseleg her

Leander Djønne set pris på gjesteopphaldet i Fosse-heimen.
Brageprisvinnaren flytta nyleg inn i barndomsheimen til Jon Fosse, Myra. Det er Fosse-stiftinga som forvaltar huset og tilbyr det som kunstnarresidens.
Djønne seier det var eit privilegium å bli invitert.
– Det er triveleg å vera her, veldig heimekoseleg, seier han.
Akkurat no har han to prosjekt gåande, og det passa difor fint å få meir tid til å fordjupa seg i desse.
– Eg jobbar med eit manus og ein tekst for ein ny film eg arbeider med. Filmen bør bli ferdig mot sommaren, han skal visast på eit galleri i Oslo i fyrste omgang, fortel han.
Fosse-fascinasjon
Leander Djønne synest ikkje det er vanskeleg å fylla dagane.
– Det krev ein del tid for å grubla ut idear og konsept, og det er vanskeleg når ein anten er heime eller på jobb. Så opphaldet her er positivt med tanke på at eg får frigjort tid til å jobba fokusert, seier han.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

