Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Siste kapittel for båtruta?
Det er framleis knytt uvisse til om det vil gå hurtigbåt mellom kommunane i indre Hardanger neste år.
Lukkast ein ikkje å få på plass finansieringa som manglar, kan heile båtruta forsvinna for godt.
Kontinuitet er viktig for å sikra eit stort nok passasjergrunnlag til at det vil løna seg å starta kommersiell drift, slik mange peikar på kan bli løysinga når noverande operatør Norled si kontrakt med fylket går ut etter 2026-sesongen.

Etter eit møte i regi av Skyss og Norled i september, sende Visit Hardangerfjord og Hardangerrådet ut eit felles brev til reiselivsnæringa i regionen med oppmoding om å bli med på eit spleiselag for å sikra drift av båtruta neste år.
Fredag denne veka går fristen ut, og Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord og Ann Irene Myrheim i Hardangerrådet er spente på om dei lukkast å få med nok støttespelarar til å halda båten i gang.
– Med rett marknadsføring trur eg me kan auka passasjertalet veldig mykje og på den måten sikra eit grunnlag for kommersiell drift vidare når Norled si kontrakt går ut. Men det avheng av at me får ei avklaring på at rutetilbodet for 2026 blir oppretthalde, uttalar Ann Irene Myrheim i denne saka.
Bra sommar
Norsk Natursenter Hardanger har lagt bak seg ein sommar med høge besøkstal.
Direktør Jonas Kimerud fortel om strategien for å oppretthalda attraksjonsverdien til natursenteret som feirar 30 år i år.

Han mimrar også tilbake til den fyrste køyreturen han hadde ned Måbødalen:
– Eg hugsar eg vart heilt sett ut av kor storslått det var. Det kjentest veldig riktig ut at eg skulle hamna her.
Trykk på biletet over for å lesa heile saka.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja oss på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no


