God fredag!
Førre veke møtte eg Valgerd Svarstad Haugland til ein prat om karrieren sine opp- og nedturar, kvardagen som pensjonist og kva tankar ho har rundt utviklinga i Kvam og resten av Hardanger.
Du kan lesa intervjuet lenger ned i nyhendebrevet, eller høyra heile samtalen vår i den nye episoden av podkastserien Hardangerfolk.
Som tidlegare kulturminister og no innehavar av fleire styreleiarverv innan kultursektoren, er Valgerd opptatt av å ta vare på den norske kulturarven. Det er eit engasjement ho har til felles med dei tilsette ved Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund.

Leiar og fagansvarleg ved fartøyvernsenteret, Sjur Tarjei Fykse, trur at meir fokus på kvalitet og gjenbruk i samfunnet dei siste åra kjem fartøyvernsenteret til gode i form av auka interesse for det dei driv med, og for handverksfag generelt.
– Ein raud tråd i alt me gjer er jo at det handlar om å ta godt vare på det me har, anten det gjeld natur eller gjenstandar, og å laga skikkelege ting som varar og kan reparerast, fortel han.
Les heile saka på Hardanger.no, men få gjerne med deg dei andre nyhenda frå kulturfronten denne veka fyrst:
** Bergens Tidende sin teatermeldar er begeistra for oppsetninga «Gitarmannen» av Jon Fosse.
Monologen vart skriven til skodespelar Bjørn Willberg Andersen på 1990-talet, men har ikkje blitt sett opp før no. Det skjer med nykomponert musikk av Lars Lillo-Stenberg, i regi av Den Nationale Scene på USF Verftet i Bergen.
«For kunstnerisk virke som ikke oppnår stor anerkjennelse, har det noen verdi? Det er her jeg faller ned på at denne oppsetningen er politisk. Rett og slett kulturpolitisk. Det kan nemlig være at Jon Fosse selv kunne ha endt opp som sin egen gitarmann. I stedet ble Fosse vinner av Nobelprisen i litteratur», skriv Grethe Melby i BT og gjev fem av seks hjarte.

** Fosse-stiftinga opplyser i ei pressemelding at arbeidet med å etablera eit Jon Fosse-senter i Strandebarm no har gått over i ein meir konkret fase.
Stiftinga har fått hjelp av direktør for Hardanger og Voss museum, Åsmund Kristiansen, med å utforma ein søknad til Kulturdepartementet om midlar til å byggja eit Fosse-senter på Tangerås i Strandebarm.
– Prosjektet vårt er grundig utgreidd, og skriftleg utgreiing har vore på offentleg høyring, skriv stiftinga i meldinga.
I pressemeldinga opplyser elles stiftinga om at Fosse-dagar vert 30.april - 2. mai, og i år er det dramatikken til Jon Fosse som er ein raud tråd i programmet. Frank Kjosås, Hildegun Riise, Kristin Skaare og Ruth Lillegraven er mellom aktørane som er klare.

** Når me er inne på Fosse-nytt, er det òg verd å nemna at den amerikanske forfattaren Marilynne Robinson er invitert til å halde Fosseforedraget 2026. Den nederlandske omsetjaren Paula Stevens er årets vinnar av Fosseprisen for omsetjarar.
Det var i desember 2023 regjeringa oppretta eit årleg Fosseforedrag og ein Fossepris for omsetjarar, for å heidra Nobelprisvinnaren i litteratur, Jon Fosse.
Fosseforedraget har som mål å løfta litteraturen som kunstform fram i den offentlege samtalen. Foredraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremja forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis.
Fosseprisen går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å gjera norsk litteratur tilgjengeleg for eit internasjonalt publikum. Prisen er på ein halv million kroner og er den største omsetjarprisen i verda av sitt slag.

** Veka før påske inntek eit filmcrew Finse for å spela inn ein ny og moderne filmversjon av «Bergenstoget plyndret inat» som kom ut i 1923 og vert rekna for å vera boka som starta tradisjonen med påskekrim i Noreg.
Boka handlar om eit togran på Hardangervidda og vart filmatisert for fyrste gong allereie i 1928.
I den nye filmen vert handlinga sett til notida, men sjølve reiseruta blir den same som i boka.
– Ruta går ned til Hardanger, og via ferja frå Kvanndal til Utne. Her stel dei ein robåt og ror over til Lofthus, før dei tek seg opp Dronningstien og innover mot Finse der ranet skjer, fortalde regissør Gunnbjörg Gunnarsdóttir, som saman med Astri Nyaas har skrive manuset til filmen, til Hordaland.

** Kunstnar Kjetil Bjerkelien er på jakt etter lokale og kjem samtidig i eit brev til Ullensvang kommune med ein idé om å etablera eit felles kultursenter der teatergrupper, historielag, musikklag og kunstforeiningar kan samarbeida om oppsetningar og kulturaktivitetar.
– Jeg håper våre folkevalgte ser med interesse på mitt planlagte prosjekt og finner i sine hjerter at det er mulig å oppdrive et lokale til dette? I det minste må det være mulig å lage en form for felles kulturverksted til de ovennevnte grupper/lag, skriv kunstnaren i brevet som er omtalt i Hardanger Folkeblad.
Denne helga kan du mellom anna få med deg framføringa av Draumkvedet med Berit Opheim, Karl Seglem, Nils Økland og Sigbjørn Apeland i Utne kyrkje.
Sjå oversikta over det som skjer i Hardanger framover her.
Manglar det noko? Send info til redaksjon@hardanger.no, så oppdaterer me lista.
Openhjartig Valgerd: – Då eg var 18-20 år hadde eg slike tankar sjølv

Valgerd Svarstad Haugland har for lengst lagt bak seg skuffelsen over å mista tilliten som statsforvaltar. No brukar ho energien på styreverv og viktige hjartesaker.
Valgerd Svarstad Haugland har ei lang karriere bak seg, både i politikken og seinare i 13 år som statsforvaltar.
I 1995 vart ho historisk då ho vart vald til Kristeleg folkeparti sin fyrste kvinnelege partileiar. Sidan har ho vore med på oppturar og nedturar, seinast då ho for vel eitt år sidan måtte gå på dagen som statsforvaltar for Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus etter å ha fått beskjed om at statsråden ikkje lenger hadde tillit til ho.
– Eg er fly forbanna, sa ho i etterkant i eit intervju med lokalavisa Budstikka i Asker og Bærum.
Men det har ho altså rista av seg.
– Det var berre barnemat i forhold til det eg har opplevd tidlegare, kommenterer ho i den ferske episoden av podkasten Hardangerfolk.
Nok å gjera
No er ho heime i Hardanger ein tur i samband med møter i Fosse-stiftinga, der ho overtok som styreleiar i mai i fjor.
– Eg synest jo det er kjekt å ha noko å gjera når du plutseleg ikkje skal gå på jobb lenger kvar dag, og det fører jo til at me er oftare her i Hardanger enn før, fortel ho.
At Noreg har fått ein nobelprisvinnar som skriv på nynorsk, er stort for den tidlegare kulturministeren.
– Han betyr mykje for Noreg, og han betyr sjølvsagt mykje for Strandebarm. Men òg for Kvam herad og Vestlandet og nynorsken. Det er mange ting som gjer at eg synest med skal ta vare på den arven han stadig vekk gjev oss, seier ho.
I tillegg til å vera styreleiar i Fosse-stiftinga, har Valgerd ei rekkje andre styreleiarverv som held ho i sving, alle innan kulturfeltet.
Med fem barnebarn og tre bonusbarnebarn som bur i nærleiken av heimstaden på Stabekk i Bærum, har ho mykje å fylla dagane med.
– Og så er eg med i Bærum mållag, det er faktisk eit veldig aktivt mållag, fortel ho.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Framover testar me ulike format for nyhendebreva og vil gjerne høyra dine synspunkt på e-post: redaksjon@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no