Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev med kultur i fokus.
Kva lyttar du til?
Dei fleste har ein eller fleire songar dei har eit spesielt forhold til, anten det er ein melodi som vekkjer barndomsminne eller ein tekst som treffer rett i hjarta.
Ønskekonserten på NRK er framleis ein fast lyttepost for mange kvar sundag, og i fleire år hadde Kringkastingsorkesteret suksess med sin klassiske tv-konsert der dei tok utgangspunkt i publikum sine ønskje.

Både Kringkastingsorkesteret og ønskjekonsert er stikkord når Hardanger Musikkfest skal feira 30 år til sommaren.
– Det har aldri handla om å bli størst, men om å vera relevant, nær og ambisiøs på same tid. At så mange menneske har lagt ned tid, kjærleik og arbeid over så mange år, er kanskje den viktigaste grunnen, svarar kunstnarisk leiar Therese Birkelund Ulvo når ho skal forklara korleis festivalen har greidd å halda det gåande så lenge.
Les heile intervjuet med Therese lenger ned i nyhendebrevet, men få gjerne med deg nokre andre saker fyrst:
** – Ei svart natt for fartøyvernet, kommenterte riksantikvaren etter brannen ved Hardanger fartøyvernsenter natt til torsdag. MS «Jøsenfjord» frå 1888 og MB «Tafjord» frå 1927 som begge var nær ferdigstilte etter å ha vore under restaurering i 15 år, fekk omfattande skadar. I tillegg vart den gamle lystbåten «Faun», som i si tid tilhøyrde familien til statsminister Christian Michelsen, råka av brannen som kunne gått langt verre dersom det hadde vore vind. – Å få brann på eit museumsanlegg er jo kritisk, og når det er to kulturminner som brenn så er det jo frykteleg tragisk, uttalte museeumsdirektør Åsmund Kristiansen til NRK brannatta.
** Advokat og tidlegare assisterende PST-leiar Hedvig Moe frå Odda møter professor i nordisk litteratur, Eirik Vassenden, til ein samtale om kulturell beredskap under Bergen internasjonale litteraturfestival, LitFestBergen, komande veke. Moe har tidlegare uttalt at dei som jobbar innan kulturlivet har eit viktig ansvar for beredskapen i Noreg. I samtalen med Vassenden har ho med seg forfattar og journalist Carline Tromp.
** Benedicte Maurseth er aktuell med eit nytt album, spelt inn saman med Ensemble neoN for plateselskapet Aurora Records. Tittelen på albumet er «Always and Never the Same», og det er Maurseth sjølv som deler nyhendet på Facebook fredag. Seinare i år skal ho spela solokonsert på Troldhaugen under Festspillene i Bergen. I 2026 er Maurseth òg huskomponist for kunstmuseet Kode, og gjennom året skal ho jobba med temaet «brådikting», eller «musikk i augeblikket». Konserten under Festspillene vil vera sett saman av brådiktingar, nykomponert slåttemusikk, og frie variasjonar over eldre tradisjonelle slåttar, går det fram av programmet.
** I februar blir Ungdommens kulturmønstring (UKM) arrangert fleire stader i regionen. Allereie 1. februar er det klart for UKM Ullensvang i Jondal, og 12. februar samlast deltakarar frå Eidfjord, Ulvik og Voss til UKM på Voss kulturhus. Ungdommar i Kvam går på scenen i si mønstring 15. februar.
Likar du dette nyhendebrevet og ynskjer å bidra til at me kan utvida innhaldstilbodet? No kan du prøva Hardanger i 5 veker for 5 kroner. Teikn abonnement her, di støtte går direkte til å laga meir uavhengig journalistikk frå regionen.
Lytt til Hardangerfolk
Førre veke fortalde Valgerd Svarstad Haugland kva ho tenkte då ho i fjor haust vart kasta inn i ein ny debatt om likestillinga i Noreg har gått for langt, sparka i gang av Krfu-leiar Ingrid Olina Hovland.
Valgerd innrømte ærleg at ho som 18-åring delte dei same synspunkta som Krfu-leiaren, men at ho kom raskt på andre tankar.
Høyr heile samtalen i podkasten Hardangerfolk:

Det skjer i Hardanger
I kulturkalenderen for Hardanger komande veke finn ein både konsertar, føredrag og utstillingsopningar.
Sjå heile oversikta over det som skjer i februar her.
Manglar det noko? Send info til post@hardanger.no, så oppdaterer me lista.
– Festival er litt magisk

Staben bak Hardanger Musikkfest er godt i rute med planlegginga av den 31. utgåva av festivalen.
Therese Birkelund Ulvo finn stor glede i jobben som kunstnarisk leiar for festivalen som i år altså feirar at han har eksistert i 30 år.
– Kvifor har Hardanger Musikkfest klart å halda det gåande i 30 år, trur du?
– Eg trur det handlar om ein kombinasjon av forankring og fornying. Festivalen har heile tida hatt eit sterkt lokalt engasjement, samstundes som han har vore open for endring og nye impulsar. I år er temaet «Gnist» som eigentleg peikar på noko som har lege der heile tida, den vesle energien som oppstår når menneske møtest gjennom musikk, og som gjer at ein får lyst til å halda fram. Det har aldri handla om å bli størst, men om å vera relevant, nær og ambisiøs på same tid. At så mange menneske har lagt ned tid, kjærleik og arbeid over så mange år, er kanskje den viktigaste grunnen.
– Kva inneber jobben som kunstnarisk leiar, og kva er det beste med han?
– Jobben som kunstnarisk leiar rommar mykje, alt frå programmering og langsiktig utvikling til detaljar i enkeltsatsingar og dialog med musikarar, publikum og samarbeidspartnarar. Det beste med jobben er møta, når ein idé blir til røyndom, når musikarar finn kvarandre på nye måtar, og når publikum blir bevegd. Å få vera med på å skapa rom for slike augneblikk, midt i Hardanger, er både eit privilegium og ei stor glede. Det er også noko av det mest meiningsfylte eg gjer i løpet av eit år. Festival er litt magisk.

– Ønskjekonserten ser ut til å ha blitt eit fast punkt på programmet. Kan du fortelja litt om bakgrunnen for denne?
– «Songen du har kjær» vert i år arrangert for tredje gong, og både i fjor og i forfjor har responsen frå publikum vore veldig god. Mange har send inn personlege ønskje og historier, og det har vist oss kor sterkt musikk kan vera knytta til minner, menneske og livserfaringar. Konserten tek utgangspunkt i ønskje publikum har send inn på førehand. Det kan vera ein song som betyr noko heilt spesielt, som gjev gjenklang eller vekkjer minne. For oss handlar dette om å opna festivalen litt meir og gje publikum ei tydelegare stemme i programmet. Det blir ofte nære og uformelle konsertar, der ein både kan kjenna seg igjen i andre sine val og bli kjent med musikk ein kanskje ikkje hadde oppdaga elles.
– Korleis går førebuingane til festivalen?
– Førebuingane er godt i gang og er prega av både intensiv jobbing og stor forventning. Jubileumsåret gjev oss ein ekstra dimensjon, der me både ser bakover og framover, samtidig som fokuset er veldig konkret og praktisk. I løpet av januar har eg personleg vore i kontakt med barnehagar, skular, eldresenter, kor, korps, pubar, bønder, overnattingsstader og ulike arenaer. Det som slår meg, er den gjennomgåande entusiasmen og gleda for det me planlegg saman. Den responsen er veldig motiverande, og gjev både energi og tryggleik i det vidare arbeidet.
– De har varsla fullt programslepp 15. februar, kan du gje nokre hint om kva meir som ventar?
– Det me kan fortelja allereie no, er at programmet spenner breitt, både i uttrykk, format og målgrupper. Publikum kan venta seg store konsertopplevingar side om side med meir intime møte, nye bestillingsverk og sterke stemmer frå både inn- og utland, med tydelege forbindelsar mellom musikk, stad og menneske. To av konsertane er allereie i sal, og me gler oss voldsomt til at Kringkastingsorkesteret kjem til Hardanger i høve jubileet. Nesten alle artistane er òg lansert, og det er litt av ei konfektøskje av musikalske møte. Samstundes gler eg meg veldig til å kunna fortelja meir i detalj om kvart enkelt arrangement og programinnhald. Om to og ei halv veke får me endeleg dela heile biletet.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Framover testar me ulike format for nyhendebreva og vil gjerne høyra dine synspunkt på e-post: post@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

