Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Fagbrev utan skule
Mangel på handverkarar er ei felles utfordring over heile landet. Fleire snakkar om rekrutteringsgapet som oppstår når fagfolk går av med pensjon utan at bedriftene får nye inn.
Hjå Tecno VVS brukar dei mykje ressursar på å læra opp sine eigne fagfolk i mangel på nok kvalifiserte søkjarar til ledige stillingar.
Timre Aalvik er ein av dei som får full opplæring i bedrifta og truleg er sikra jobb når han har fullført læretida. Han hadde eigentleg sett føre seg ein heilt annan jobb før han byrja heilt frå botnen av som røyrleggjarlærling i fjor.
Fylgjer opp forskingsrapport
Førre veke skreiv eg om Norce-rapporten som peikte på noko av det som skal til for å gjera Hardanger-regionen meir attraktiv for folk som har høve til å jobba frå kor som helst.
Denne veka har eg snakka med Hardangerrådet om korleis dei skal bruka funna i rapporten. Rådsordførar Timo Knoch seier dei vil prøva å etablera ein felles «fjernarbeidspolitikk», og fleire har bite seg merke i spesielt éin ting som er viktig for å skapa bulyst i bygdesentera.

Trykk på biletet over for å lesa heile saka.
Langdryg tunneloppgradering
Viss det ikkje blir tilført meir pengar frå staten, vil det ta 39 år å bli ferdig med oppgraderinga av alle tunnelane på fylkesvegnettet i Vestland slik at dei held den standarden dei skal ha ifylgje forskrifta.
Det kunne fylkeskommunen sjølv melda om i ei pressemelding tidlegare i veka.
No ber Vegdirektoratet om utsett frist, men sjølv om denne skulle bli sett til 1. januar 2040 er han altså langt frå romsleg nok.

Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!

