Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.

Satsar på lokal arbeidskraft
Med rundt 70 tilsette er Lid Jarnindustri ein stor og viktig arbeidsplass i Kvam. Sjølv om folketalsframskrivingar viser at arbeidsmarknaden er i endring, er ikkje dagleg leiar Svein Ove Lid uroa over tilgangen på framtidig arbeidskraft.
I tillegg til å ha god erfaring med å tilsetja litt eldre medarbeidarar, samarbeider dei godt med Kvam vidaregåande skule og har elevar og lærlingar i jobb gjennom heile året.

– Eg trur alle i klassen søkte om å få vera her, seier Solveig Måge som er ein av 17-åringane som er utplassert hjå Lid Jarnindustri dette skuleåret.
Nytt liv til heimlause hus

Kan fråflytta hus vera med på å løysa bustadkrisa i Hardanger?
I distrikt over heile Noreg står hus tomme av ulike grunnar. No har eit nytt prosjekt fått midlar til å gå i gang med ein moglegheitsstudie som skal finna ut kva som må til for at desse husa kan få eit nytt liv.
Tanken er å flytta hus som ikkje lenger kan brukast der dei står og setja dei saman i eit tun ein annan plass.

– Prosjektet handlar ikkje om kvart hus for seg, men ser på ei samanstilling av fleire bustadar i eit miljø der det blir lagt til rette for deling og fellesfunksjonar, slik det gjerne var vanleg i tidlegare generasjonar, fortel arkitekt og prosjektleiar, Mari Myklebust ved Bruket Arkitektur.
Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

