Hardanger logo

Meld deg på temafrukost om klimaendringar i Hardanger 16.desember. Les meir

Publisert for 20 dagar sidan|Samfunn

Nytt prosjekt kan gje håp for fleire bustadlause

Samtidig som me høyrer om stopp i bustadbygging, står mange hus tomme i Distrikts-Noreg. Nytt prosjekt i Hardanger og Voss skal vera eit føredøme for korleis desse kan bidra til å løysa bustadmangelen.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 24.11.2025 08:30
Jean-Christophe Scouarnec
Jean-Christophe Scouarnec er dagleg leiar i handverksfirmaet JCS som er spesialistar på tradisjonshandverk. Han ser stort potensial for gjenbruk av hus som har blitt ståande tomme.

Nyleg fekk prosjektet «Tun for heimlause hus» 200.000 kroner frå Miljødirektoratet si stønadsordning Klimasats til eit forprosjekt som skal undersøkja kva gevinst ein kan få ved å flytta og ombruka material frå tomme bygg.

For parallelt med at det manglar bustadar, står mange hus tomme i distriktet vårt.