Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og vis at du støttar meir uavhengig journalistikk frå Hardangerregionen framover.
Stort potensial for fjernarbeid
– Viss ein har lyst å flytta heim og halda fram i jobben, må ein tora å tenkja utanfor boksen.
Det seier Tove Botnen som er ein av dei som drøymde om å byta ut storbyen med eit liv i Hardanger.

Som rundt halvparten av norske arbeidstakarar hadde ho ein jobb det var mogleg å gjera frå kor som helst, men til skilnad frå dei fleste andre som tenkjer tanken, tok ho steget og flytta heim til bygda med familien sin.
Ein fersk rapport frå forskingsinstituttet NORCE viser at det ligg eit stort potensial for Hardanger-regionen i å marknadsføra seg som ein attraktiv plass for fjernarbeidarar.
Aktiv bustadmarknad
Det hjelper lite å bestemma seg for å flytta til Hardanger viss ein ikkje har ein plass å bu.
Ifylgje eigedomsmeklaren i Norvik Hardanger var det god aktivitet i bustadmarknaden førre kvartal.
Nokre bustader er meir populære enn andre og går raskt unna når dei kjem for sal, medan andre blir liggjande ei stund på marknaden.
Trykk på biletet under for å lesa kor aktiviteten har vore størst.

Villrein og friluftsliv
Dei føreslegne tiltaka for å ta vare på villreinen på Hardangervidda skapar uro både hjå grunneigarar og dei som jobbar med fjellturisme.
I samband med folkemøtet i Rauland førre veke vart det kjent at ei rekkje lokale aktørar har gått saman om ein felles uttale der dei tek til orde for at planen slik han no ligg føre i altfor stor grad vil gå utover lokale rettar.
Også andre stader i landet mobiliserer lokalbefolkninga, mellom anna i Sirdal der kritiske røyster på eit folkemøte førre veke meinte det heile var eit skodespel der alt var bestemt på førehand frå klima- og miljødepartementet si side.
Det er framleis ei stund til høyringsfristen går ut 31. oktober, men det er lite som tilseier at det vert enkelt å finna ei løysing som er like god for alle partar.
Ny sjef på «bruket»

– Eg har lyst å halda liv i «bruket», seier påtroppande dagleg leiar for Moelven Granvin Bruk, Audun Brekke.
Gravensaren har jobba i bedrifta sidan 2021 og er godt kjend med arbeidsrutinane og medarbeidarane.
Har du ris, ros, tips eller innspel? Kontakt meg på e-postadressa under.
Hugs at du òg kan fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!

