Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
Nye moglegheiter

– Det er viktig å få fram kva me driv med i dag, ikkje berre kva me gjorde før.
Det seier Karl Ystanes ved Boliden i Odda.
Selskapet har eiga trainee-ordning og tek imot rundt 30 lærlingar i året, men Ystanes trur ikkje ein treng reisa langt utanfor Odda før mange ikkje er klar over alle jobbane ein kan ha innanfor portane deira.
– Det vil vera stor skilnad på kva ein må meistra i ei operatørstilling i 2030 samanlikna med i 1970, seier han.
Fleire bedrifter i regionen konkurrerer om dei same fagfolka, og det er spesielt eitt yrkesfag som peikar seg ut som utfordrande å skaffa nok arbeidskraft.
Eidfjord rimelegast i Hordaland
Denne veka kom Huseiernes landsforbund med ei oversikt over kva det kostar å bu i dei ulike kommunane i Noreg.
Her kjem det fram at Eidfjord ikkje berre er rimelegast i Hardanger, men av alle kommunane som tidlegare utgjorde Hordaland fylke.
Ulvik fylgjer like bak, medan Voss skil seg ut som den dyraste kommunen i regionen. Der må innbyggjarane i snitt ut med over 50.000 meir i samla bukostnadar enn i Eidfjord.

Mange høyringssvar
31. oktober gjekk høyringsfristen ut både for felles sti og løypeplan for Hardangervidda og tiltaksplan for villrein i Hardangervidda villreinområde.
Ifylgje Hardanger Folkeblad fekk Hardangerviddarådet inn 108 høyringssvar på felles sti- og løypeplan for Hardangervidda, og arbeidet med å sortera og registrera desse er no i gang.
Hjå klima- og miljødepartementet er det reigstrert 334 høyringssvar på forslaget til tiltaksplan for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområde.
Hardanger.no skreiv førre veke om det fireårige forskingsprosjektet som skal undersøkja effekten av gjennomførte og planlagde tiltak for å bevara villreinen i Noreg.
Du har fått denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!
Hugs òg at du kan fylgja oss både på Facebook og Instagram.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

