Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
Det er lett å kjenna seg handlingslamma i møte med store tema som klimaendringar og berekraft.
Både i næringslivet og elles er det mange omsyn som skal vektast når ein skal staka ut kursen for vidare utvikling. I Hardanger finst heile spennet, frå tung industri til siderproduksjon, frå små familiebedrifter til store konsern.
Geografien, tradisjonane og historien er annleis i denne regionen enn andre stader på Vestlandet. Vestlandet er på si side annleis enn andre landsdelar i Noreg.
Det gjer òg at ein må tenkja på ein annan måte her enn til dømes på Austlandet, i saker som handlar om næringsutvikling, beredskap og berekraft.

Det var nettopp det som var motivasjonen bak oppstarten av Rosendalsveko. Sidan 2020 har lokalt næringsliv, politikarar og fagpersonar hatt eit fast møtepunkt på kaien utanfor Folgefonnsenteret i Rosendal fyrste veka i august.
Her er Hardangerregionen i fokus, med hovudvekt på korleis ein kan få til berekraftig vekst.
– Det er eit poeng å fylgja progresjonen i temaa som står på agendaen og få fram kva som er nytt sidan sist. Det kjem heile tida tilbake til diskusjonen mellom klima og natur, og korleis ta vare på begge delar, fortel Una Kolle som er dagleg leiar ved Folgefonnsenteret og i full gang med planlegginga av årets program.
Les meir frå intervjuet med Una seinare i nyhendebrevet.
FjordMoods startar nytt selskap

Skal ha fokus på å skalera produksjonen.
Med base i Kvam har Katrine og Pieter Van Tulder i selskapet FjordMoods utvikla 2050 Furniture, ein lokal møbelproduksjon basert på gjenvunne treverk frå lokale avfallsstraumar.
Etter pilotproduksjon av «Sondre-stolen» gjennom 2025 fekk dei for alvor stadfesta at ideen om ein møbelproduksjon basert på omsorg for både menneske og natur var liv laga. I løpet av året hausta dei fleire designprisar og fekk internasjonal merksemd, og etterspurnaden etter stolen auka.
No tek gründerparet eitt steg vidare og etablerer 2050 Furniture som eit eige aksjeselskap. Med seg på laget får dei Ådne Iden Høiland, Erlend Hjertnes og Ingvild H. Kjørrefjord. Det nye selskapet skal ha fokus på å skalera opp møbelproduksjonen.
– Pilotproduksjonen av Sondre-stolen har gått veldig bra. Me har fått bevist det me trudde frå starten, nemleg at det er mogleg å produsera møblar samstundes som ein skapar lokalt, inkluderande arbeid og verdikjeder som tek vare på naturen, fortel Katrine Van Tulder.
Ho peikar på at utviklinga det siste året gjorde det klart at dei måtte involvera fleire.
– Pieter og eg er gode på det me er gode på, men det er mykje me ikkje har erfaring med, til dømes å skalera ei bedrift. Me fann difor ut at det var lurt å knyta til oss andre som mellom anna har erfaring frå det, seier ho.
Katrine fortel at eit konkret mål for dei komande 12 månadane er å produsera og selja 1000 Sondre-stolar, men at skaleringa handlar om mykje meir enn ein stol:
– Målet vårt er å løysa strukturelle problem ved å skapa inkluderande, omsorgsbaserte prosessar, seier ho.
Likar du dette nyhendebrevet og ynskjer å bidra til at me kan utvida innhaldstilbodet? No kan du prøva Hardanger i 5 veker for 5 kroner. Teikn abonnement her, di støtte går direkte til å laga meir uavhengig journalistikk frå regionen.
Andre saker
** Ansvarleg for HR og kommunikasjon i Green Zinc Boliden Odda, Karl Ystanes, seier til Hardanger Folkeblad at han har bede om full rapport etter brannen som oppstod inne i ein av fabrikken sine fjellhallar måndag. Det var eit køyretøy tilhøyrande eit anna selskap som var involvert i brannen. – Det ser ut til at det har vore ein kjemisk reaksjon i eit filter på bilen, som har ført til røykutvikling, fortel Vidar Litle-Kalsøy ved Hardanger politistasjon. Han opplyser samstundes til avisa at det ikkje er oppretta sak frå politiet si side etter brannen.

** Kvam Rekneskapskontor har fått nye eigarar. Ingvill Berg er ny dagleg leiar, Sindre Brevik Damm nestleiar og Evelyn Knutsen er ny styreleiar, alle tre var tilsette i selskapet frå før av. For dei tidlegare eigarane Steinar Foss Andersen og Johannes Berge var det nemleg viktig å starta med å leita lokalt då dei søkte etter nokon til å overta selskapet fortalde dei til Hordaland Folkeblad som fyrst omtala eigarskiftet.
** Arnfinn Førsund i Hordalandsdiagonalen AS fryktar at næringslivet i Ullensvang blir taparane når rekkefylgjen på utbetringane av «armen til Bergen» på E134 skal prioriterast. På folkemøtet i Odda førre veke uttrykte han uro for at Oddadalen hamnar bak andre prosjekt på vegstrekninga, samstundes som naudsynt vedlikehald blir nedprioritert i påvente av den nye vegen. – I mellomtida tapar næringslivet her inne fordi vegen er så dårleg at det ikkje er lov å køyra modulvogntog på han, påpeikte Førsund under møtet som vart dekt av Hardanger Folkeblad.
** Tyssedal nærbutikk er til sals. Lars Helgeland som er konsulent i Merkur-programmet med ansvar for nærbutikkar i området meiner butikken er viktig både for fastbuande og turistar. Noverande eigar Eline Solberg Kvalvik meiner butikken har gode økonomiske føresetnader for vidare drift. – Eg håpar å få selt butikken i løpet av komande år. Viss ikkje nokon dukkar opp, blir han mest sannsynleg lagt ned, fortalde ho til Hardanger Folkeblad.
Arrangement og samlingar
12. februar Seminar for næringslivet med Anna Lygre Solvang frå Vest-Norges Brusselkontor, Næringshagen i Ullensvang
– Har funne ei form som fungerer

Sidan 2020 har Rosendalsveko samla forskarar, næringsliv, forvaltning og politikarar for å diskutera sentrale tema for Vestlandet.
No er programkomiteen godt i gang med planlegginga av den neste utgåva av konferansen som også i år går føre seg fyrste veka i august. Denne gongen med overskrifta «Klimatilpassing – frå kunnskap til handling».
Una Kolle er leiar av Folgefonnsenteret og har ansvar for alt det praktiske knytt til konferansen som er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Havforskingsinstituttet og Folgefonnsenteret.
Ho fortel at ho var heilt fersk i jobben då Rosendalsveko blei arrangert for fyrste gong, sommaren for snart seks år sidan.
– Me starta heilt forsiktig under pandemien. Sjølv om det var korona-restriksjonar greidde me å gjennomføra ein fysisk konferanse. Det var ikkje plass til så mange deltakarar på grunn av 1 meter-regelen, men me strøyma direkte til dei som av ulike grunnar ikkje kunne vera der, fortel ho.

Klima og natur
Rosendalsveko har sidan starten vore ein arena som samlar næringsliv, politikarar og forskingsmiljø til diskusjon og formidling av utfordringar Vestlandet står ovanfor.
Konferansen har liknande tema frå år til år, der den raude tråden er berekraftig utvikling.
– Det er eit poeng å fylgja progresjonen i temaa som står på agendaen og få fram kva som er nytt sidan sist. Det kjem heile tida tilbake til diskusjonen mellom klima og natur, og korleis ta vare på begge delar. Kraftproduksjon og kraftfordeling er til dømes eit tema som går igjen frå år til år, fortel Kolle.
Lytt til Hardangersnakk
Klimatilpassing i Hardanger var tema då me inviterte professor Jostein Bakke og førsteamanuensis Pål Ringkjøb Nielsen frå UiB og Bjerknessenteret til podkasten Hardangersnakk. Her kan du høyra begge episodane.


Kva synest du om nyhendebrevet?
Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no
Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
