Tilbake til nyhendebrev arkiv
Næringsliv

Trur på meir samarbeid i industrien

Nyhende om næringsliv og samfunnsutvikling i Hardanger

3. mars 2026
Tilbake til forsiden

Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.

Eit tema som går igjen på konferansar og samlingar i Hardanger, er samarbeid. På Hardingtinget stod interkommunale samarbeid høgt på agendaen, og i reiselivet blir det jobba med ein felles strategi for regionen.

Anten ein jobbar med rekruttering eller tilflytting, stiller ein sterkare saman.

Innan den tradisjonelle industrien har det derimot ikkje vore snakk om så mykje samarbeid på tvers. Før no.

Stig Bruntveit
Stig Bruntveit frå Elkem Bjølvefossen ser fram til å diskutera moglege samarbeid med dei andre industrileiarane i regionen.

Når leiarane frå Boliden Odda, Ineos Tyssedal og Elkem Bjølvefossen om ei veke dreg på besøk til Hydro Husnes, er det nettopp for å finna ut kva moglegheiter som finst for samarbeid mellom dei.

– Eg kan ikkje hugsa at det har skjedd tidlegare, seier verkssjef Stig Bruntveit frå Elkem Bjølvefossen.

Les meir mot slutten av nyhendebrevet.


Krev at regjering og samferdselsministeren grip inn

Foto: Emil Solbakken, Statens vegvesen
– Skredet i Fjæra skuldast langvarig forvitring og destabilisering av fjellet, melde Statens vegvesen måndag. Foto: Emil Solbakken / Statens vegvesen

Steinraset som sundag sperra E134 ved Fjæra, har stengt ei av dei viktigaste aust–vest-årene i Noreg.

Vegstenginga får fylgjer for næringsliv, innbyggjarar og beredskapstenester som må bruka riksveg 13 og fylkesveg 46 som alternative ruter.

Vegvesenet har varsla at det er uvisst når vegen forbi rasstaden kan opna for trafikk igjen og at dei vil gjera ei ny vurdering onsdag. Dei førebur reisande på at trafikkavviklinga kan bli krevjande.

Dagleg leiar i Fjordvegen Rv13, Hans Inge Myrvold, er uroa over all trafikken som no må over på ein veg som frå før av er mellom dei mest utfordrande riksvegane i landet, og som ikkje er bygd for tungtransport i store volum.

– Raset i Fjæra viser kor sårbart det norske vegnettet faktisk er. Rv13 blir automatisk omkøyringsveg når E134 stenger, men denne vegen held ikkje standarden som ein kritisk riksveg burde ha. Han er ikkje bygd for store trafikkmengder eller tungtransport i samanhengande kolonner. Det set både trafikantar og lokalsamfunn i fare, uttalar han.

Myrvold meiner regjeringa no må ta ansvar og løfta både E134 og Rv13 inn i eit statleg program for tryggleik og standardheving.

Stiller krav

Styreleiar i Rv13, Marta Vange, er òg uroa over at Rv13 ikkje held ein akseptabel standard som riksveg.

– Dette er ikkje forsvarleg. Dagens situasjon syner at me treng større tryggleikstiltak, betre kapasitet og ei forsterka statleg satsing, ikkje meir midlertidig lapping, seier ho.

I ei pressemelding kjem det fram at Myrvold og Vange på vegner av Fjordvegen Rv13 no ber regjeringa gripa inn for å betra vegstandard og rassikring på Vestlandet.

Dei ynskjer mellom anna at det vert sett i verk eit nasjonalt program for ras- og skredsikring, «med prioritet for dei kjende og mest utsette ras- og skredpunkta på Vestlandet».

Vidare ber dei om at Rv13 blir sikra oppgradering i form av betre vegbreidd, sikring av fjellsider og betre framkome for tungtransport.

Til slutt ber dei om at Statens vegvesen og Nye veier får midlar til å arbeida langsiktig og «ikkje berre akutt og reaktivt etter kvar hending».


Andre saker

** I løpet av dei neste par vekene opnar Siderbar Bergen. Det er Tanja Borge som er eigar og gründer for det som ifylgje ho er den fyrste baren av sitt slag i Noreg. Til Bergens Tidende fortel ho at ho håpar å nyta godt av den auka turismen Bergen har opplevd dei siste åra. I tillegg til ei rekkje sider frå Hardanger og resten av Noreg, skal gjestane i siderbaren også ha høve til å kjøpa øl og vin, fortel ho.

** Framdrifta i arbeidet med å utvida cruisekaien i Eidfjord går etter planen og skal vera ferdig til avtalt sluttdato, 30. april, melder Visit Eidfjord. Anleggsarbeidet skal ikkje vera til hinder for dei fyrste cruiseanløpa som er meld inn frå slutten av mars. Destinasjonsselskapet informerer elles om at Cruise Norway har utarbeidd nasjonale retningslinjer for cruiserederi og cruisegjester, og i forlenginga av dette har Visit Eidfjord også laga eigne, lokale retningslinjer.

Eidfjord
27. mars legg det fyrste cruiseskipet til kai i Eidfjord for sesongen.

** 25. februar opna Hardanger og Voss Tingrett konkurs i boet til Trolltunga Arctic Trout. Selskapet heitte tidlegare Hardanger Fjellfisk og satsa på aureoppdrett i fjellhallar i Tyssedal, men endra namn i fjor sommar. Hardanger Fjellfisk/Trolltunga Arctic Trout har hatt negativt driftsresultat kvart år sidan 2017. Selskapet vert eigd av Zephyros Research Institute, via dotterselskapet Blue Sea Norway. Bernt Henrik Hellesøe eig 100 prosent av aksjane i Zephyros Research Institute, kjem det fram i ein artikkel i iLaks.

** Eit norsk forskingsprosjekt skal undersøkja om CO₂ kan lagrast i stein på land. Ifylgje prosjektleiar Bahman Bohloli fra NGI reagerer nemleg gamle bergartar med CO₂ ved å omdanna klimagassen til faste mineral. – Pilotstudiar i USA og på Island har vist at opp mot 60 prosent av injisert CO₂ kan bli til stein i løpet av to til fem år, fortel han i ei pressemelding om det nye prosjektet som kjem etter eit initiativ frå industrien. Målet er i fyrste omgang å undersøkja om lagring av CO₂ på land er teknisk mogleg, og om det i så fall kan vera kostnadseffektivt og miljømessig forsvarleg.

Kart: NGI
Kartet viser kjelder til utslepp og kor det finst gamle geologiske formasjonar som kan brukast til lagring av CO₂ i framtida. Illustrasjon: NGI

** Reguleringsplanen for Hardanger Fishfarm AS sitt anlegg i Plommavikane i Jondal kjem opp for kommunestyret i Ullensvang i møtet 18. mars. Selskapet ynskjer å driva oppdrett av smolt i fjellhallar på rundt 100 mål, med tilhøyrande kaianlegg, lagerbygg og småbåthamn. Medan rådmannen er positiv til planane, har Statsforvaltaren inne motsegn knytt til korleis steinmassar frå ei eventuell utbygging skal handterast. Statsforvaltaren viser òg til at tilstanden i Hardangerfjorden er for dårleg til at det er tilrådeleg å oppretta eit nytt anlegg i Plommevikane. Dersom eit fleirtal i kommunestyret går inn for planen slik han ligg føre vil han difor gå vidare til vurdering i Kommunal- og distriktsdepartementet, skriv Hordaland Folkeblad.


– Kan ikkje hugsa at det har skjedd tidlegare

Stig Bruntveit
Verkssjef Stig Bruntveit trur Elkem Bjølvefossen kan ha utbytte av å samarbeida meir med andre industribedrifter i regionen.

Samlar dei største industriverksemdene i regionen for å bli betre kjende med kvarandre.

Det er Hydro Husnes som har invitert Boliden, Ineos Tyssedal og Elkem Bjølvefossen til å koma på besøk 10. mars.

I samarbeid med Kvinnherad Næringsservice legg dei opp til ein dag med utveksling av erfaringar og tankar om korleis bedriftene kan dra meir nytte av kvarandre.

– Det viktigaste med dagen er å bli betre kjende og få eit andlet på kvarandre, seier Bente Marie Sjo som er dagleg leiar i Kvinnherad Næringsservice.

Stig Bruntveit er verkssjef ved Elkem Bjølvefossen og styreleiar i Kvinnherad Næringsservice. Han innrømmer å ha jobba litt i kulissane for å få til ei slik samling.

– Eg har nemnt det for fabrikksjefen på Hydro Husnes tidlegare og han var einig i at det var ein god tanke, fortel han.

Nyleg kom altså invitasjonen frå Hydro Husnes til industrikollegaane i Hardanger.

Elkem Bjølvefossen
Kvar av dei fire industriverksemdene har eigne kaiar og lager. Kanskje kan dei dela på meir av det framover.

Ingen konkurranse

Stig Bruntveit kjenner ikkje til at det har blitt tatt liknande initiativ tidlegare.

– Eg kan ikkje hugsa at det har skjedd før. Så dette trur eg blir ein fin start, og så blir det litt opp til oss sjølve kor mykje samarbeid det blir vidare, seier han.

Sjølv har han tru på at dei fire verksemdene kan dra nytte av kvarandre på fleire område.

– Det er ingen av fabrikkane som er konkurrentar. Me produserer ulike produkt og har heilt ulike kundar, og det i seg sjølv gjer at det kan vera enklare å samarbeida, seier han.

Ingen av industriverksemdene som møtest på Husnes neste veke konkurrerer om kundane, noko som aukar sjansane for å få til meir samarbeid på tvers.
Ingen av industriverksemdene som møtest på Husnes neste veke konkurrerer om kundane, noko som aukar sjansane for å få til meir samarbeid på tvers.

Han nemner ressursar og kompetanse som eitt av felta det kan vera naturleg å sjå på, innkjøp er eit anna.

– Kvar av oss har store årlege innkjøp av material, reservedelar og utstyr, så her kan det vera potensial for meir samarbeid. Alle har eigne kaiar og eigne lager, kanskje kunne noko vore felles. Det er i alle fall mogleg å diskutera om det er nokre område det kan vera naturleg å samarbeida på, seier han.

No ser han fram til å bli litt bedre kjend med dei andre industriverksemdene i regionen.

– Å møtast på Husnes er ein god start, og så får me sjå om det blir grunnlag for å fylgja opp med fleire møte etter kvart, seier han.


Arrangement og samlingar

25.-26. mars Vossadagane, Voss kulturhus


Kva synest du om nyhendebrevet?

Del synspunkta dine på e-post: post@hardanger.no

Du må gjerne fylgja Hardanger.no på Facebook og Instagram også.

Helsing

Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

Tilbake til forsidenMeld deg av nyhetsbrevet her

© 2026

Hardanger logoHardanger logo
Bli abonnent
    Logg inn
    Registrer deg
  • Nyhendebrev
  • Podkastar
  • Lesarbrev
  • Arrangement
    • Hardanger
    • Hardanger.no arbeider etter Vær Varsom-plakaten sine reglar for god presseskikk. Den som meiner seg råka av urettmessig medieomtale, vert oppmoda om å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er eit klageorgan som behandlar klager mot mediene i presseetiske spørsmål. For informasjon om klageadgang, sjå: www.presse.no

    • Org.nr. 935 78 6088 ⎸ post@hardanger.no

    • Ansvarleg redaktør: Ingvil Aaen Torpe | ingvil@hardanger.no

      • Redaktørplakaten
    • Ansvarsmerke Redaktørforeningen
      • Teikn abonnement
      • Om oss
      • Personvern
      • Kjøpsvilkår
      • Kontakt
    • Nyhendebrev

    • Abonner på vårt vekentlege nyhendebrev


Copyright © Hardanger 2026

Utvikla av Skavl Media. Drive av Subrite CRM.