– Eg er ikkje bekymra for at fjorden døyr, men eg er bekymra for at han endrar seg.
Det sa Mari Myksvoll frå Havforskingsinstituttet under temalunsjen vår om tilstanden i Hardangerfjorden førre veke.

Både ho og Tom Pedersen frå Statsforvaltaren i Vestland trekte fram klimaendringar som ein viktig årsak til at oksygennivået i fjorden har falle dramatisk på få år.
Hardangerfjorden pustar rett og slett dårlegare som fylgje av at vatnet i djupet ikkje blir skifta ut like jamleg som før fordi havtemperaturen har blitt høgare.
Men klimaendringane kjem på toppen og forsterkar effekten av utslepp som har skjedd og framleis skjer.
I sedimenta på fjordbotnen finst kvikksølv, kopar og restar frå andre utslepp frå tidleg industri, jordbruk og oppdrett som ikkje er mogleg å fjerna.
Fokuset på å avgrensa nye utslepp vert det jobba med i alle dei nemnde næringane. Spørsmålet er om det går raskt nok å få på plass løysingar som reduserer utslepp i så stor grad at det gjev effekt i næraste framtid.

Tom N. Pedersen som er biolog og seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Vestland kunne fortelja at nedgangen i oksygennivå skjer 6 gonger raskare i Samlafjorden enn i Sognefjorden.
Oddvar Soldal frå Hardanger Naturvernlag trekte fram korleis det er merkbart at livet i fjorden har endra seg på berre ein generasjon. Han hadde likevel ikkje mista håpet om at det er mogleg å gjera noko:
– Det umoglege tek berre litt lengre tid.

Opptaka frå temalunsjen finn du her.
Borgarleg medvind i skulevalet
Borgarleg side var den store vinnaren då resultatet frå skulevalet var klart i går.
På landsbasis gjekk over 1 av 4 stemmer til Frp, og partiet gjorde det bra også på dei vidaregåande skulane i Odda og Kvam med over 30 prosent av stemmene begge stader. På Framnes vidaregåande gjorde Krf eit brakval med 67 prosent av stemmene.
Resultatet av skulevalet er interessant fordi utfallet av dette dei siste 20 åra har samsvart med kven av blokkene som har fått flest stemmer i det ordinære stortingsvalet.
– Det som gjer valet ekstra spennande denne gongen, er at meiningsmålingane viser eit tydeleg trekk. Nemleg at partipreferansane endrar seg veldig med alderen, skriv politisk redaktør i BA, Sølve Rydland i ein kommentar.

Har du tips eller innspel til saker? Då når du oss på tips@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook eller Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

