Hardanger.no har vore ei spennande reise så langt, og eg håpar du er klar for å bli med vidare! No treng me nemleg di hjelp viss me skal greia å veksa og utvida innhaldstilbodet vårt. Kjøp eit abonnement her, og ver med å støtta meir uavhengig journalistikk frå Hardanger framover.
Ser lønsemd i lukka oppdrettsløysingar
Hardingsmolt frå Kvam er aller fyrste kjøpar av den lukka merdløysinga Heimdall, utvikla av selskapet ScaleAQ, som vart lansert under akvakulturmessa AquaNor i år.

– Me set svært stor pris på at ein så erfaren aktør med lukka einingar, vel løysinga vår, uttalte dagleg leiar i ScaleAQ CAS, Ben Øksnes i ei pressemelding førre veke då salet vart offentleggjort.
Nyleg lanserte regjeringa ei miljøfleksordning for fiskeoppdrett som i korte trekk vil premiera bruk av lukka anlegg.
Dagleg leiar i Hardingsmolt, Frode Sandven, seier dei ser lønsemda i lukka drift, sjølv om slike løysingar er langt meir kostbare.
– Me ynskjer å bidra i utvikling av norsk havbruk, og meiner at det er viktig å finna gode løysingar slik at me kan ha ein framtidsretta og berekraftig matproduksjon i Noreg, seier han.

Internasjonal merksemd
Sider frå Hardanger får stadig meir merksemd i utlandet, og nyleg vart fleire av siderprodusentane herfrå trekt fram i ein artikkel i Falstaff Magazine. Magasinet vert skildra som ein leiande internasjonal publikasjon for vin- og matinteresserte over heile Europa.
«Å bli omtalt i Falstaff gir stor synlighet og anerkjennelse for kvalitetsprodukter, som nå gjelder for norsk sider», skriv Siderlandet Norge på Instagram.

Tidlegare i oktober var Matthijs Van Meurs frå næringsorganisasjonen «Hanen» på messa Nordic Days i Nederland for å promotera siderruta deira på Vestlandet.
Han hadde med seg sider frå fire produsentar i Hardanger og fortel om stor interesse både for produkta og historien rundt dei.
– Hardanger har alltid gått litt i spissen for andre regionar med siderproduksjon, og konsentrasjonen av siderprodusentar gjer at destinasjonsopplevinga turistar får kanskje er aller størst akkurat her, seier Van Meurs.
Trykk på biletet eller les saka her.
Spleiselag for båtruta
Hardangerrådet ber no formelt dei fire kommunane Eidfjord, Ulvik, Kvam og Ullensvang om å bidra med til saman ein million kroner for å oppretthalda den mykje omtala båtruta på Hardangerfjorden i 2026.
Det er det same nivået som det totale bidraget frå kommunane i år. Som tidlegare kjent løyvde alle dei fire kommunane ekstra pengar for å redda båtruta då ho igjen stod i fare like før turistsesongen 2025 gjekk i gang.
Tidlegare i oktober sende Hardangerrådet og Visit Hardangerfjord ut ei oppmoding til reiselivsnæringa om å bidra til spleiselaget for å behalda båtruta, og i eit brev til kommunane datert 27. oktober kjem det fram at dei til saman fekk inn 240.000 kroner frå fleire ulike gjevarar.

Andreas Skogseth i Visit Hardangerfjord har tru på ei varig løysing for båtruta og seier reiselivet, kommunane og fylket har ei felles målsetjing om å få fleire over på kollektivtransport og nytta fjorden som ferdselsåre.
Trykk på biletet eller les saka her.
Fylg gjerne Hardanger.no på Facebook og Instagram også!
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Vil du hjelpa oss å nå ut til fleire? Del vidare til nokon du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen og be dei melda seg på også!

