
Meir om temaet:



To av UiB sine fremste ekspertar møtest i morgon for å gje oss svar på kva som vil endra seg i Hardanger når breane minkar og klimaet blir mildare.

I morgon, tysdag 16. desember, blir det temafrukost og live podkastinnspeling i Bergen om korleis Hardanger må tilpassa seg klimaendringane.
Fram mot århundreskiftet blir det mildare klima med meir ekstremvêr, mindre isbrear og nye omsyn å ta når ein byggja og bu langs fjorden.
Me har invitert professor Jostein Bakke og førsteamanuensis Pål Ringkjøb Nielsen, begge frå UiB og Bjerknessenteret, for å gjera oss klokare på kva komande generasjonar har i vente.
Korleis merkar me klimaendringane i dag? Kva må me gjera for å tilpassa oss det som skjer? Og er alt håp om framtidige snøvintrar ute?
Opptaka frå temafrukosten vil bli publiserte på Hardanger.no i etterkant.



Beste helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no