Dette er Hardanger.no sitt vekentlege nyhendebrev som dekkjer næringsliv og utvikling i regionen.
Bustadmarknaden gjev ein viktig peikepinn på kor attraktivt det er å bu ulike stader. Sjølv om det finst unntak i det øvre prissjiktet også her, vil Hardanger neppe ta del i dei mest brennheite prisaukene som er venta å halda fram i meir sentrale strok.
Medan byggjenæringa har peika på fleire hinder for å få bygd nok bustader lokalt, er bustadmarknaden òg avhengig av at det vert skapt arbeidsplassar og tilflytting til regionen.

Per i dag tyder prognosane på ein balansert marknad framover, seier dagleg leiar i Nordvik Hardanger, Sebastian Gjerde.
Du kan lesa heile saka lenger nede i nyhendebrevet.
Likar du dette nyhendebrevet og ynskjer å bidra til at me kan utvida innhaldstilbodet? Teikn abonnement her, di støtte går direkte til å laga meir uavhengig journalistikk frå Hardanger.
90 tilsette råka av konkurs
Hardanger og Voss tingrett vedtok tysdag å opna konkurs i selskapet Aarekol Trafikktjenester som har base i Odda.
I tillegg til hovudkreditor, Brage Finans som i eit rettsmøte måndag kravde selskapet konkurs, kan om lag 90 tilsette ha krav i selskapet.
Hovudkravet frå Brage Finans er på nesten 4 millionar kroner.
Advokat Johannes Romstad er oppnemnd som bustyrar i konkursbuet og alle krav i buet skal meldast innan 2. mars.
Lingalaks utvidar leiargruppa
Lingalaks har tilsett Renete Kaarvik som ny viseadministrerande direktør.
Tidlegare i år vart det kjent at Kaarvik skulle gje seg i jobben som finansdirektør i selskapet Lifecare som har adresse i Blomsterdalen i Bergen. Nyhendet kom medan det børsnoterte selskapet stod midt i ein prosess med å få tak i 80-100 millionar kroner gjennom emisjon.
Førre veke kom meldinga om at ho startar i Lingalaks i løpet av våren. Der får ho ifylgje selskapet «ansvar for konsernleveransar, intern drift, økonomioppfølging og samordning på tvers av verksemda, og skal vere ei sentral drivkraft i vidareutviklinga av struktur, styring og gjennomføringsevne i Lingalaks».
Kaarvik skal ifylgje Finansavisen fylgja emisjonsprosessen i Lifecare fram til gjennomføring, før ho fråtrer stillinga.
Næringsråd treng ny dagleg leiar
Kvam Næringsråd er på leit etter ny dagleg leiar etter at noverande leiar, Hans Jørgen Andersen, gjev seg etter nær 5 år i stillinga.
Av stillingsutlysinga går det fram at næringsrådet har om lag 90 medlemsverksemder, med 1.200 årsverk og ein omsetnad i overkant av 4 milliardar kroner. Stillinga er eit deltidsengasjement på 40 prosent, der ein i stor grad sjølv styrer arbeidstida.
Ein viktig del av jobben som dagleg leiar er å gjera næringslivet i Kvam synleg gjennom presseoppslag, arrangement for medlemsbedriftene, og i form av samarbeid med eksterne aktørar.
Avtroppande leiar Hans Jørgen Andersen fortel i eit intervju med Hordaland Folkeblad at han framover mellom anna skal ta opp att jobben som guide for ein turoperatør som arrangerer reiser til Japan.

Forskrift om overnattingsavgift send på høyring
Førre veke sende nærings- og fiskeridepartementet forslag til forskrift om overnattingsavgift til kommunane på høyring. Avgifta er forankra i lov om besøksbidrag som vart vedteke av Stortinget i juni i fjor.
Forslaget gjev kommunar med «særleg belastning frå reiseliv» høve til å innføra ei kommunal overnattingsavgift på 3 % av overnattingsprisen.
Det er dei einskilde kommunestyra som vedtek ei slik overnattingsavgift, og kan sjølve velja kva månader i året avgifta skal gjelda. Kommunane kan ikkje innføra eigne fritak utover dei som er fastsette i forskrifta.
Inntektene frå besøksbidraga skal gå til reiselivsrelaterte fellesgode som infrastruktur, natur- og miljøtiltak, tilrettelegging og offentlege tenester som blir meir belasta av besøkande.
Å sikra ein felles plan for besøksforvaltning er sentralt i arbeidet med den nye reiselivsstrategien for Hardanger som skal vera klar i løpet av sommaren.
Elles i nyhendebiletet
** Ein ny rapport peikar på at Enova kunne ha greidd seg med å gje halvparten av støtta til grøne prosjekt dei siste 12 åra. I rapporten har samfunnsøkonomar ved Universitetet i Chicago analysert over 20.000 tildelingar mellom 2012-2023, på til saman 30 milliardar kroner. På topp 10-lista over bedrifter som fekk mest støtte i perioden som vart undersøkt, finn ein store aktørar som Elkem, Ineos og Boliden Odda. I tillegg er Vestland fylkeskommune inne på niande plass på lista, med 335 millionar tildelt. Enova-sjef Nils Kristian Nakstad meinar rapporten er skivebom, medan klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen ynskjer ein debatt om pengebruken i Enova velkomen.
** Tryggleiksekspert Roar Thon frå Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) var klar i talen ovanfor bøndene på Jæren måndag denne veka. Temaet var beredskap og korleis ein sikrar at matproduksjonen ikkje blir hindra i ein krisesituasjon. Landbruksminister Nils Kristen Sandtrøen var også til stades på møtet og peika i sitt innlegg på at kostnadar til lovpålagde investeringar kan gjera at bønder nedprioriterer innkjøp av til dømes naudstraumaggregat. Likevel er det er ein styrke i det organiserte jordbruket at bønder er gode kollegaer som hjelper og utfyller kvarandre, meinte han.
Slik var bustadmarknaden i Hardanger i 2025

Totalt vart det seld 329 bustadar i Kvam, Ullensvang, Ulvik og Eidfjord i fjor.
Dagleg leiar i Nordvik Hardanger, Sebastian Gjerde, fortel at frittliggjande einebustader utgjorde over halvparten av alle omsette bustader i Hardanger i fjor med totalt 178 sal.
– Hardanger er prega av spreidd busetnad og småhus, leilegheiter finst stort sett i dei største tettstadene i Kvam og Ullensvang. At det likevel vart seld nær 90 leilegheiter i regionen i fjor, tyder på ei viss grad av urbanisering og at det har kome fleire leilegheiter på marknaden dei siste åra, seier han.
I alt vart det seld 89 leilegheiter, noko som tilsvarte i underkant av 30 prosent av det totale bustadsalet. Det vart òg seld 42 tomannsbustader og 20 rekkjehus i regionen i løpet av året.
– Rekkjehus og leilegheiter vart seld raskare enn frittliggjande einebustader. Dette er bustader som ofte ligg sentralt og treffer yngre kjøparar eller fyrstegongsetablerarar, medan einebustader som ligg langt frå sentrum har ei snevrare kjøparguppe, fortel eigedomsmeklaren.
Lokale skilnadar
Nasjonalt auka salet av brukte bustader med 9,4 prosent samanlikna med 2024. Prisnivået auka om lag 5 prosent, med ei utflating mot slutten av året. I Hardanger fylgde prisutviklinga stort sett den nasjonale trenden.
– I Hardanger var det siste kvartalet i fjor prega av det vanlege sesongmønsteret med noko lågare aktivitet og prisdemping mot årets slutt. Det er i tråd med at bustadprisar ofte søkk frå 3. til 4. kvartal nasjonalt, fortel Gjerde.
Det er store skilnadar mellom dei fire Hardanger-kommunane, både i volum, prisnivå og bustadtypar.
– Kvam og Ullensvang er større kommunar med handelssenter i Odda og Øystese og Norheimsund. Det gjev høgare etterspurnad, fleire leilegheiter og generelt høgare prisar her. Ulvik og Eidfjord er svært små marknadar der einskilde sal, eller fråvær av sal, kan påverka statistikken mykje, seier Gjerde.
Kvam hadde 132 bustadsal i 2025, med ein snittpris på rundt 3,1 millionar kroner. Det er klart høgast i regionen.
– Den dyraste eigedomen i Hardanger blei òg seld her, til rundt 10 millionar kroner, seier Gjerde som òg fortel at gjennomsnittleg salstid var 45 dagar for bustader i Kvam i fjor.
Flest sal i Ullensvang
Ullensvang hadde flest nye bustader lagt ut på marknaden i 2025. I snitt var salstida 38 dagar, og sju av ti sal gjekk over takst.
Den høgaste salsprisen i Ullensvang var eit stykke unna toppnoteringa i Kvam, med ein salspris på rundt 6 millionar kroner.
Ulvik og Eidfjord har små bustadmarknader, og Gjerde fortel at det i alt vart seld 18 bustader i dei to kommunane i fjor. 6 i Eidfjord, og 12 i Ulvik.

– Snittprisen låg rundt 2,4 millionar kroner på bustader i desse kommunane, seier Gjerde.
Men når det kjem til tida det tok å få seld bustader, skilde dei to kommunane seg frå kvarandre.
– I Ulvik tok det i snitt 77 dagar å få seld ein bustad, medan tida det tok i Eidfjord til samanlikning var 26 dagar, seier han.
Generelt er det likevel vanskeleg å samanlikna bustadmarknaden i dei ulike kommunane i Hardanger, då det er stor skilnad både i folketal og infrastruktur.
Høgare kvadratmeterpris på leilegheiter
På nasjonalt nivå steig prisane på leilegheiter noko meir enn einebustader i 2025. Gjerde fortel at slike detaljar er vanskelege å måla i Hardanger på grunn av lågt salsvolum, men at leilegheiter generelt oppnår ein høgare kvadratmeterpris enn einebustader også her.
Til dømes låg gjennomsnittleg kvadratmeterpris på ein einebustad i Kvam rett i underkant av 20.000 kroner i fjor, medan han låg rundt 46.000 kroner per kvadratmeter på leilegheiter.
– Dette skuldast at leilegheitene som finst gjerne er nyare og ligg sentralt med attraktiv plassering, medan einebustadane inkluderer alt frå eldre hus på bygda til familiebustader i tettstadene, seier Gjerde.
Når det gjeld utsiktene for bustadmarknaden i Hardanger det komande året, trur han på ein moderat prisvekst, utan dei store skilnadane frå fjoråret.
– Det er lite truleg at det blir nokon dramatiske endringar i 2026, oppsummerer han.
Kva synest du om nyhendebrevet?
Framover testar me ulike format for nyhendebreva og vil gjerne høyra dine synspunkt på e-post: redaksjon@hardanger.no
Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram også.
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no