Hardanger logo

Meld deg på temafrukost om klimaendringar i Hardanger 16.desember. Les meir

Publisert for elleve dagar sidan|Samfunn

Kommunane ber fylket halda fast på distrikta i ny plan for verdiskaping – og teikna Hardanger tydelegare inn i mobilitetskartet

Hardanger har ein klar beskjed til fylkeskommunen: Skal ein lukkast med verdiskaping må både folk og bedrifter koma seg fram og ha tilgang på kompetanse der dei bur.

Ingvil Aaen Torpe
Ingvil Aaen Torpe
Publisert: 02.12.2025 10:15
Eidfjord kommune
ENGASJERER SEG: Eidfjord er mellom kommunane som har sendt inn høyringsinnspel til fylkeskommunen sitt arbeid med regionale planar. Dei trekkjer mellom anna fram at det må utgreiast konsekvensar for kapasitet og trafikktrykkleik på vegane med bakgrunn i auka turisme.

I haust har Vestland fylkeskommune hatt to regionale planar ute på høyring. Den eine handlar om verdiskaping og kompetanse, den andre om areal og mobilitet.

Totalt kom det inn 86 innspel til dei to planane innan høyringsfristen, og førre veke vart begge planane vedtekne av fylkesutvalet, med nokre justeringar.