Når Hardangerrådet samlast i Eidfjord i morgon, er det med fleire viktige regionsaker på agendaen.
Størst av alle er kanskje saka om vidareføring av ei båtrute som knyter kommunane saman langs fjordvegen, og halve møtetida er sett av til eit dialogmøte med Skyss og representantar frå næringslivet og kommunane der målet er å avklara kva grad av finansiering dei ulike aktørane kan bidra med for å få vidare drift også etter neste sesong.

Hardangerrådet er eit interkommunalt selskap som har i oppgåve å vera eit supplement og støtte til kommunane sitt eige arbeid, med mål om å styrkja regionen gjennom forpliktande samarbeid.
Tanken er at viss ein samlar kreftene i staden for å jobba kvar for seg, vil ein få til meir enn ein greier åleine.
Arbeidet med å utforma ein felles strategi for reiselivet er eit slikt døme.
Men trass i gode intensjonar, er det ikkje alt som er like lett å få til i praksis.
Mellom anna stoppa arbeidet med ein felles forvaltningsplan for Hardangerfjorden midlertidig opp tidlegare i år fordi kommunane ikkje hadde kapasitet til å setja av dedikerte ressursar til det.
Hardangerrådet, der ordførarane frå Eidfjord, Kvam, Ullensvang og Ulvik er med, hadde ansvaret for å fylgja opp ein slik forvaltningsplan, men måtte søkja om utsetjing av midlar Statsforvaltaren hadde løyvd til prosjektet med eitt år.
Det er dårleg nytt for fjorden, men også for Hardangerrådet som nettopp ynskjer gode prosessar i saker regionen har felles interesse av.
Difor er det ikkje overraskande at kommunane vert utfordra til å sjå på løysingar som sikrar framdrift i felles prosjekt framover.
Rådmenn med felles innstilling
Rådmannsforum, som altså består av rådmenn/kommunedirektørar i dei fire kommunane som utgjer Hardangerrådet, har utforma ei innstilling i fire punkt som svarar på utfordringa.
Her tek dei mellom anna til orde for at det vert utarbeidd ein felles rutine for handsaming av felles prosjekt og søknadar i regionen, og at slike prosjekt og søknadar vert tatt opp i Rådmannsforum og Hardangerrådet før individuell handsaming i kommunane.

For skal ein koma i mål med ein felles forvaltningsplan for fjorden, felles reiselivsstrategi og andre prosjekt som går på tvers av kommunegrensene, må det bli øyremerkt ressursar til desse prosjekta i dei ulike kommunebudsjetta.
Viss ikkje hamnar midlane fort i det store sluket, med nye utsetjingar som ein fylgje av det.
Jus på tvers
Samarbeid på tvers er også tema i saka om Kvam herad si utstrekte hand til fleire av nabokommunane, med ynskje om å få til eit nettverk av juridiske ressursar.
– Saker og problemstillingar ein kjem opp i liknar gjerne på kvarandre frå kommune til kommune, så det å dra veksel på erfaringar og kompetanse frå juristar i andre kommunar vil potensielt både gjera oss betre og bidra til at me kan løysa ting kjappare, seier Bente Valland Bovim som er den einaste juridiske rådgjevaren tilsett i Kvam herad.
Trykk på biletet under for å koma rett til saka.

Fekk du med deg saka om gründeren Anne Karin Djupevåg frå Tørvikbygd som starta for seg sjølv for å driva med rettleiing innan farge- og interiør? Ho fortel opent om både opp- og nedturar, og deler erfaringar frå oppussinga av sin eigen heim.
Du finn denne og alle andre tidlegare publiserte saker og nyhendebrev på Hardanger.no. Hugs også podkastserien vår, Hardangerfolk, som du kan søkja opp der du høyrer podkast til vanleg.
Du får denne e-posten fordi du er påmeld nyhendebrevet til Hardanger.no. Del gjerne vidare til andre du trur har interesse av å fylgja utviklinga i regionen, slik at dei også kan melda seg på og få komande nyhendebrev rett i innboksen sin.
Har du tips, innspel eller noko du vil ta opp? Då høyrer me gjerne frå deg på e-post: tips@hardanger.no
Helsing
Ingvil Aaen Torpe
Redaktør
ingvil@hardanger.no

